Billettane til julekabareten går unna. På flygebladet står det utsolgt på siste framsyninga, men ICA Todalen melder at det på grunn av avbestillingar er nokre få billettar att. Til første framsyninga er det enno rikeleg med billettar att. Først til mølla…! Plakaten finn du her!
Redaksjonen har motteke melding om at Strengentrekk AL har opna heisen for sesongen:
Det meldes om svært gode forhold!
Opningstider:
Onsdag og Fredag: 18.00 – 20.30
Søndag: 12.00 – 15.00
Alle er velkomne til ein fin tur i slalombakken!
Trimgruppa i Todalen idrettslag minner om Romjulsmarsjen 3. juledag. Dei oppfordrar til å delta i marsjen som går rundt bygda, der det er registrering av deltakarar på Sandstad og Bruset. Dei oppfordrar folk til å ta på godt med klær og gode fotty for turen rundt bygda. På turen rundt er det høve til bli med på RomjulsQuiz med fine premiear. Servering av gløgg eller saft under turen rundt bygda, og sjølvsagt er det fine medaljer til deltakarane.
Surnadal Velværesenter minner om at etter jul og nyttårshelga kjem kvardagen. Når alle juleselskapa er ferdig kan ofte omstillinga bli stor. Gå inn på heimesida deira for å sjå kva som kan gjerast med det. Her kjem du til nettsida deira.
Les heile saka
Vinnaren av denne månadens pris blei Frostrøyk, tatt av Kjetil Sogge. Biletet var tydeleg populært, og stakk av med den største prosentdelen av stemmene var har hatt i ei avstemning. Heile 74 av dei 102 avgitte stemmene meinte Frostrøyk var det beste biletet denne månaden.
Les heile saka
I kveld er siste gongen med ope bibliotek i 2010. No har det seg slik at det er Ole Petter Talgø som er vorte tilsett som ny bibliotekar, i allefall fram til sommaren. Det er berre her i Todalen at det enn er ein liten filial, men også denne står no i fare for å bli stengt kan Ole Petter fortelje.
Les heile saka
Måndag 20. desember kl 18.00 inviterer Todalen oppvekstsenter til juleavslutning. Programet for kvelden ser slik ut: Underhaldning v/ungane, allsong, servering, gång rundt juletreet, … og kanskje kjem nissen…? Sjå plakaten her.
Alle er velkomene!
Herretrimen på onsdag er avlyst på grunn av juletre og pynting til jul i gymsalen. Den vil starte opp igjen etter jul.
På bakgrunn av gårdagens avlysing av herretrimmen er det reist tvil om dametrimmen også er avlyst. May Elisabet Holten bekrfter at dametrimmen i kveld vert gjennomført som planlagt, og etterpå er det sosial samling med frukt etc. som avslutning på sesongen.
Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.
Les heile saka
Lørdag 11 og søndag 12. desember deltok Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to G14-lag og ett G16-lag i Flatås Julecup i Kotenghallen på Rosten (Trondheim). Dette er en stor cup som spilles over fire helger i november og desember. Deltakerlagene var stort sett fra Trondheim og omegn, og vi var eneste klubb fra Møre og Romsdal
Les heile saka
Vinteren har kommet for lengst til Todalen, noko bileta vi den siste månaden har fått inn tydar på. No er det klart for å avgjera kva for bilete som blir månadens bilete for november, og det nest siste kandidat i superfinalen om årets bilete.
Les heile saka