Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Revygjengen i rute

Revygjengen i rute

Elinor Bolme Laurdag 5. november 2011

Gjengen som har engasjert seg med underhaldninga på 3. dagsfesten har komme godt i gang med arbeidet melder koordinator Svein Åge Saksen. Vi har delt oss inn i grupper og byrja skriveprosessen fortel han. Nokon arbeider åleine, medan andre har gått saman med skrivinga. Dei som sitt i skrivegrppa er Rune Moe, Lars Sæther, Nils Ove Bruset, Borghild Betten Talgø og Håvard Halset som vil ha litt kustus på ungdomsgruppa. Ellers har Gudmund Husby takka ja til å vera kappelmeister.

Også i år er det med fleire ungdomar, og det lovar godt for kommande tider meiner dei frammøtte, då det har vore eit tydeleg generasjonsskifte mannskapsmessig. I år, som for to år sidan kjem Nils Egeness frå Surnadal for å delta som gjesteartist.

Maten er ikkje klar enda (heldigvis…), men kjem vel på plass lovar sikre kjelder.

Publisert: 5. november 2011, 14:56