Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hytta i skogen…

Hytta i skogen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2011

Det er egentleg godt å sjå at nye generasjonar tek i arv gamle tradisjonar med hyttebyggjing i skogen. På ein «litt hemmeleg» plass i skogen ved Husby har Lars, Nils Philip, Christoffer og Shan Allan bygd seg hytte. Det har vore stor aktivitet med både saging og snekring dei siste vekene, og no har det vorte både tak over hauet og terrasse med rekkverk. Dei har bruka material frå naturen til reisverk, medan hytta er kledd i armert glassfiberduk. Prosjektet er på langt nær ferdig, men dei har planer om at det etter kvart skal bli overnatting der, kanskje neste sommar….

Dei fortalte at dei har innhenta byggetillatelse frå velvillig grunneigar Jon Husby, og han har nok behandla slike byggesaker før og innvilga søknaden fort. Så dermed bar det i gang, og no er som sagt hytta komen under tak. Det er vel viktig når ein bygger at ein får bygget tett før vinteren sett inn, slik at ein har vinterarbeid med innreiing.

Publisert: 5. november 2011, 20:19