Da er vi i utgangen av 2010, og redaksjonen i todalen.no ønsker alle våre tilhengere alt godt for det nye året. Tenkte vi skulle avslutte med noen skrevne ord i anledningen dagen som oftest settes av til både ettertanker og fremtidstanker. Og da ble det HMK Harald V som trakk det lengste strået med sin nyttårstale nå i kveld.
Les heile saka
Veret har snudd, og det regnar og sluddar vekselsvis. Dette fører no til glatte vegar og fare for uhell. Det fekk Gunvor Fuglevåg erfare då ho var i sluttfasen på postutleveringa i dag. Då er det kjekt å få hjelp av lokale karar som rykkjer ut i slike høve. Håvard var også i dag på […]
Les heile saka
Dersom værmeldinga stemmer vil vi oppleve at temperaturen stig over nullen for første gong på lenge. I løpet av kvelden slår det om og etter kvart meldes det om snø og seinare sludd og regn. Ein kan etter kvart rekne med at det blir litt dårlegare føre og glattare dei neste dagane, og sludd og snø til og med nyårshelga. Sjå vermeldinga det neraste døgnet på yr.no
Ragnar Halle er ledar i viltnemnda i Surnadal kommune. I kveldinga 2. juledag fekk han telefon frå politiet om at det var meldt om eit rådyr som var påkjørt på Ansnesvegen i Todalen. Det var ein trafikkant som hadde observert rådyret i veggrøfta, og ved nærare ettersyn viste det seg at det hadde vore påkjøyrt og stygt skadd. Ragnar tok med geværet og dro ut, og det viste seg at begge framfotane var ødelagt, og at dyret måtte avlivast. Ragnar presiserer at slike påkøyrslar skal meldast til politet, slik at dei får ta avgjerda om kva som skal skje vidare. Det er faktisk straffbart å unnlate å melde frå om slike påkøyrslar.
Julekabareten «Fær hæll i mot» fylte Todalen ungdomshus til siste plass, da Todalen Idrettslag arrangerte årets julekabaret 3. juledag. To framsyningar måtte til for å skaffe plass til alle som ville få med seg julekabareten, der kveldsframsyninga nok må seiast å vera mest populær. Men tilsaman var kabareten vist til nærare 250 publikumarar denne gongen. Dei som deltok på kveldsframsyninga fekk også sjangsen til ei kulinarisk oppleving og fekk seg ein svingom på kjøpet.
Les heile saka
Nærare hundre store og små todalingar trossa vinterkulda og tok runden rundt bygda 3. juledag. Godt påkledd og med trimgruppas gløggstasjonar som mål, la folk ut på vandring og tok kulda med godt humør. Trimgruppa i Todalen Idrettslag var arrangør, og det var nok mange som tykte det var godt å komme ut og få rørt seg litt etter fleire dagar med mykje god julemat. Turen rundt bygda var reint så sosial, og ein trefte mange kjente på runden, for det var både ”innfødde” og utflytta todalingar og andre i følgjet.
Les heile saka
Kvelden før kvelden var det hektisk øving til julekabareten «Færr hell i mot». Så langt er det meste av billettane til hovudframsyninga selt, medan det er ein del billettar att til framsyninga som startar kl 15. Uhenta billettar har gjort at det har vorte nokre billettar ledige til siste framsyninga kl 20, så her gjeld det å hive seg rundt og ta turen til ICA Todalen. Programsjef Svein Åge Saksen fortel at underhaldningsgjengen er i rute og har fått det meste på plass no og reknar med full trykk på premieren kl 15.
Les heile saka
For den som ferdast utanfor bygda, gjer vi oppmerksom på at det i Svinviktunnelen er kome til ein fartsdump. Det er vatn som har kome ovanfrå tunneltaket og ned i vegbanen som har danna ein issvull no i kaldperioden. Issvullen har dei siste dagane vokse, og er no godt og vel ein meter i diameter, […]
Les heile saka
Natt til førte juledag vart det «årsverste» med med minimumstemperatur på nærare 20 kuldegrader. Jon Bruset fortel at det er lågaste temperaturen han har registrer på desember sidan han starta målingane for 20 år sidan. I løpet av dagen har det skya over litt, og temperaturen er i skrivande stund komen på 12-talet. Men det kalde været skal fortsett enno 3-4 dagar før det blir mildvær og nedbør. Her kan du sjå varslet på Storm.no.
Høgtida er no i gang, og ei fullsatt kyrkje innleia for alvor jula i Todalen. Vi i Todalen.no ynskjer alle i triveleg og fin jul, og håpar att dykk og kikkar innom sida i løpet av jula.
Les heile saka
Frå Birgitte Kvendset med familie i Santa Rosa, California, har vi fått julekort med julehelsing til alle Todalingar og andre kjente. Vi helsar attende, og håpar at jula ikkje er så kald i Santa Rosa som i Todalen. Klikk deg vidare så får du sjå heile julekortet.
Les heile saka
Då er årets siste blogginnlegg komme i «hus», og vi kan denne gongen glede dykk med ei julehelsing frå Bjørg Bruset busett i Trondheim. Redaksjonen i todalen.no håpar dette har vorte ei spalte de set pris på, difor satsar vi på at Gjermund fortsett sitt arbeid som mellommann ut i det neste året også. Då seier eg berre værsågod, og nyt resten av denne høgtidsdagen!
Les heile saka