No på ettermiddag var det branntilløp på Solberget, Todalsøra, med full uttrykning av det lokale brannkorpset. Det var ein eldre moped som hadde teke fyr ved oppstart. Eigarmannen klarte sjølv å slukkje før brannvesnet kom på staden.
Les heile saka![Branntilløp](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/02/brann2.jpg)
No på ettermiddag var det branntilløp på Solberget, Todalsøra, med full uttrykning av det lokale brannkorpset. Det var ein eldre moped som hadde teke fyr ved oppstart. Eigarmannen klarte sjølv å slukkje før brannvesnet kom på staden.
Les heile sakaSøya/Todalen informerer om at de har trenerkabalen på plass for kommende sesong. I en e-post til Todalen.no skriver de: «Vi har nå fått på plass trenere og lagledere/oppmenn for de aller fleste av fotballagene våre. Og vi er meget godt tilfreds med at IL Søya (i nært samarbeid med Todalen IL og Kvass/Ulvungen FK) kan […]
Les heile sakaTodalen.no fekk no ein telefon om at den som har tenkt seg utaom bygda lyt vara varsame mellom brua på Haugen og krysset. Her er det uanminneleg store vassmengder i vegbanen over eit langt strekke, med store farar for vannplaning ved litt for stor fart. Vatnet kjem brått på i mørkret, så pass på! Todalen.no tek […]
Les heile sakaTorsdag kveld var 10 spente jenter samla på skulen for å få ei
innføring i Asiatisk mat.
Mali Brusethaug var ein tålmoldig og dyktig kurshaldar. Ho hadde god
hjelp av Carina, som var nestkommanderande, under heile kvelden.
Mali og Carina hadde vore i Trondheim for å handle dei «rette»
ingrediensane i ein Asiatisk butikk
Da er mars like om hjørnet, og vi har fått tilsendt kulturkalenderen frå Surnadal Kulturhus. Denne gongen kan dei blandt anna freista med Villmarksdag i samarbeid med Surnadal Jeger og Fiskeforening. Dei lovar heildag med natursti, utstillarar og salg av villmarksartiklar og viltgryte. Kvelden rundast av med eventyrar Stein P Åsheim i Storstua.
Les heile sakaTorsdag 24. februar skreiv Talgø Invest AS intensjonsavtale med Bindal kommune om kjøp av drøyt 86 % av aksjane i Bindalsbruket Holding AS. Dersom handelen blir ein realitet inneber det at dørfabrikken Trenor Dører AS og byggvarebutikken Bindalsbygg AS kjem med på kjøpet. Konsernsjef Terje Talgø signerte avtalen på vegne av Talgø Invest, og da han denne veka var i Bindal for å orientere om planene fekk han applaus både frå kommunestyret og dei tilsette i Bindalsbruket.
Les heile sakaPå Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast for 1 krone til «Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter». Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.
Les heile sakaAlle elevane på Todalen skule var måndag 21. februar bedne til Stangvikskulen på VM-dag. Det vart konkurrert i øvingane hopp med flaske og curling. Trass lite trening gjekk det utruleg bra for laga frå Todalen som stilte som deltakarar frå Canada, Tyskland og Sverige. Dei møtte deltakarar frå USA, Russland, Frankrike, Finland og Noreg.
Les heile sakaMandag 28. februar (12-17) arrangerer Byggmakkerbutikkene Surnadal, Tredal og Bytås inspirasjonstur til Talgø utstillingsenter (Gammelfabrikken). Dette er et samarbeid med Eik-sentret og Polaris Nordmøre, hvor turen til Talgø utstillingssenter er en del av arrangementet. På Talgø utstillingssenter finn du 3000 m2 med utstilling av møbler, interiørprodukter og ikke minst en stor og splitter ny OutLiving-kolleksjon som blir å finne hos Byggmakker til våren.
Les heile sakaFrå skulen har vi fått ein epost med bilder av forrige vekes aktiviteter i snøen. Britt skriv: Elevane på skulen var veldig glad for den nye snøen som kom for litt
sidan. Den var kram, og egna seg godt til å bygge både snøborg og andre
snøfigurar. Da dei starta opp var det meininga å få til ein iglo.
Innsatsen var stor og snøen vart bore i bøtter og spann. Men det var
vanskeleg å få til rette svingen på taket. Så det vart valgt ei opa
takløysing, og difor likna resultatet meir på ei snøborg.
Både snømenn og ulike dyr dukka etter kvart opp på skuleplassen.
5 mann ved Talgø møbelfabrikk har i desse dagar fått permitteringsvarsel. I følge Trollheimsporten trer dei i kraft frå 9. mars og med ein månads varigheit i første omgang.
Les heile sakaI helga har det vore arrangert NM i Telemark i Molde. Frå Todalen var det denne gongen to representantar; Ola Talgø og Emil Haugen Ansnes. NM starta med storslalom fredag kveld, der Ola kom på 24. plass og Emil kom på 25. plass.
Les heile saka