Fra fotballgruppa i Søya/Todalen har vi fått ei melding om at dei aller fleste Søya/Todalen-laga så langt er i rute med trenarar og lagledarar. Dei eldste har allereie starta med treningar i Surnadal Idrettshall. Når våren nærmar seg, vil og dei yngre og få dette tilbodet.
Les heile sakaSvorka oppgraderer nettet
I det nyaste Svorka-nytt kan vi lesa om at Svorka oppgraderer for tida abonnementa. Dei gamle abonnementa på 1,5-4,5 Mbit (ned-hastigheit) byttes ut med abonnement på 5 og 10 Mbit. Alle abonnement vil normalt bli flyttet over til 5 Mbit fra 1. april, med en prisredusjon for dei som i dag har 3/4,5 Mbit og ei auke for dei med 1,5 Mbit.
Les heile sakaG14 starter ny sesong
Torsdag 20. januar startet årets G14-lag opp med trening i Surnadal Idrettshall. Det møtte 11 spillere av en stall på totalt 14-15 til den første økta, som ble ledet av Ola Einar Øyen. Med seg i trenerteamet har han også Jo Gjeldnes og Kristian Gjeldnes. Oppmannsjobben deles av Dorit og Christian Madaus, med litt hjelp av assistenttrener Kristian Gjeldnes.
Les heile sakaBarn i løypa
Barn i løypa er for fullt i gang på Ørsala. Dei to fyrste gongane var det mykje oppmøtte folk, både store og små, kan den utsendte fotografen fortelje. Det er kvar torsdag så lenge snøen blir. Og det er berre å møte opp neste gong!
Les heile sakaTodaling i M.A.G, med CD-debut
På både Trollheimsporten sine nettsider, og hos Tidens Krav er det oppslag om CD-debuten til Surnadalsgruppa M.A.G. Dette er ei gruppe beståande av 5 karar, der den eine er todalingen Jan Peter Husby. Dei slepper no sin aller første CD i desse dagar, med tittelen «Mangolia».
Les heile sakaFleire bilete frå NorgesCupen
Vi har fått fleire bilete fra NorgesCupen på Kårvatn. Daniel Kvalvik som er mediaansvarleg i Norsk Skialpinisme har sendt oss fleire fine bilete frå turen han hadde opp til toppen (1040 m). Dei er lagt ut som eit bildegalleri nedafor som du kan klikke deg inn på. Norsk Skialpinisme har også ei fin heimeside som er verdt å ta turen innom. Klikk deg inn på sida her, og sjå alle dei fine bileta fra rennet på Kårvatn.
Les heile sakaSolid innsats i Sunnmørshallen
Lørdag var det bylagsturnering i Sunnmørshallen i Ålesund, der fylkets antatt beste 13-14 åringer er delt i 4 regionlag (Kristiansund, Molde, Ålesund og Ulsteinvik). «Kristiansund bylag» stilte med Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø i startoppstillingen da de vant sin første kamp med 2-1 mot «Team Søre» (Ulsteinvik og omegn) lørdag formiddag. Og senere på dagen ble det 1-1 mot «Molde bylag» i finalekampen, også da med våre to spillere på laget fra start.
Les heile sakaNorgesCupen vel i hamn
Norgescupen i skialpinisme fortsette søndag med lagkonkurransar. Det var til saman 9 lag som stilte til start, 7 i herre senior og 2 i damer senior. I søndagens konkurranse vart det i starten lagt til handikap i forhold til laurdagens resultat. Det medførte mellom anna at laget til André Jonsson og Björn Gund fekk 17 minutt i tillegg, medan laget til Eirik Haukøy og Felix Breitschäder var uten tillegg, og kunne dermed lede konkurransen frå start til mål.
Les heile sakaOla Hovdenak var suverèn
Ola Hovdenak var suveren under NorgesCupen i den individuell konkurransen på Kårvatn i Todalen laurdag. Nærare 5 minutters forsprang hadde han til André Jonsson og Ola Berger som hadde eit spurtoppgjør inn mot mål, der André Jonsson trekte det lengste strået og slo Ola Berger med eit lite sekund. I dameklassen var det Marit Tveit Bystøl som utklassa resten av dameklassen med over 7 minutters forsprang til Mari Fasting som vart nummer 2. I juniorklassen rådde Erik Haukøy grunnen heilt åleine, og kom inn på 1,57.
Les heile sakaSolidaritet i praksis på aldersheimen
Denne veka er det solidaritetsveke ved Nordmøre Folkehøgskule. Elevane er da delte inn i grupper som har forskjellige slags engasjement, og alle deltek i eit eller anna samfunnsnyttig. Ei av gruppene nytta høvet til å ta ein tur til Stangvik aldersheim for å underhalde beboarane og sette litt farge på kvardagen. Der vart dei godt mottekne og dei fekk sleppe til med både musikk, korsong, hallingdans og jammen vart det råd for å få ein svingom også.
Les heile sakaEldremiddag med jubileum
Onsdag hadde Eldremiddagen si første samling i det nye året. Da stod det spekesild, stua kål, potet og raudbetar og «Trondhjemssuppe» på menyen for dei 12 som deltok på middagen. I tillegg vart det køyrd ut middag heim til 3 til. Det var Bodil Kvendset og Jorunn Ness som var ansvarlege på kjøkkenet og som stod for serveringa, fortel Martinus Torvik som er sekretær/kasserar.
Les heile sakaHerretrimmen har starta opp at
Herretrimmen, eller gubbetrim som det er betre kjent som, har no starta opp at etter jul. Kvar onsdag kl 20.00 kan ein møta opp for å vera med på trim. Det går normalt i ballspill – fotball, innebandy og volleyball. Onsdag var det særs godt oppmøte med 13 herrer.