Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart for Dalapop

Klart for Dalapop

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mars 2012

I helga er det klart for lansering av romanen «Dalapop», som Ola Skei har skrive. Idet høve har Gerd Ingrid Kvendset skrive manus til framsyninga med same namn, som går i kulturhuset fredag 16. mars kl. 19.30 og laurdag 17. mars kl. 18.00. Det er historia om bandet The Tramps» som skal formidlast med hjelp av song, musikk og skodespel. På scena får vi sjå lokale aktørar frå Kulturskulen og Svarrabærje teaterlag, og vi kan nemne namn som Arne Landsen, Jørgen Kvande og Anne Marie Moen.

Det er enno ledige billettar, og du kan kjøpe billettar i resepsjonen i kulturhuset eller på nettet. På heimesida til Surnadal kulturhus kan du lese meir om «Dalapop«.

Først publisert: 16. mars 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 15. mars 2012, 21:38