Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal er bekymra.

Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal er bekymra.

Elinor Bolme Måndag 19. mars 2012

Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal kommune har i helga sendt ut ei pressemelding til loale redaksjonar og Fylket angående vegvedlikehaldet i kommunen, og ønsker å rette søkelyset på faren for fleire alvorlege ulykker i tilknytning til dette.

«Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal er svært bekymra for vedlikehaldet av fylkesvegane i kommunen. Utvalet har også ansvar for trafikksikkerheita, og meiner at det dårlege vedlikehaldet kan  føre til alvorlege trafikkuhell. Om ikkje sentrale styresmakter gjer noko med vedlikehaldsbudsjetta på fylkesvegane, fryktar vi fleire alvorlege uhell. Dårlege og utrygge vegar hemmar næringsutviklinga i regionen. Situasjonen er så alvorleg at hovudutvalet krev ekstraordinære tiltak,  før fleire ulukker skjer.

Ragnar Halle, leiar (Senterpartiet), Oddvar M. Væge, nestleiar (Arbeidarpartiet), Lilli Husby (Arbeidarpartiet) Anita Land, (Sosialistisk Venstreparti),Tor Rune Halset, (Høgre), Einar Grønnes, (Senterpartiet), Ann Grete Gravvold (Arbeidarpartiet)»

Publisert: 19. mars 2012, 20:40