Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På god veg

På god veg

Elinor Bolme Onsdag 14. mars 2012

Etter gårsdagens reportasje fra Pilskaret og vegstandaren der, har vi fått tilbakemelding frå Hms/ks koordinator i
Veidekke industri Geir Atle Kvendset. Han fortel at det var han og Asbjørn Skjølsvold frå Veidekke som saman med Statens Vegvesen i går gjennomførte  ei befaring av Pilskaret. Frå Statens Vegvesen var det byggherre og ein kontrollingeniør som var med.

Første tiltak som no allereie har blitt gjort er å fylle dei hulla som er med grus. Men når telen og fuktigheita forsvinn litt meir og asfaltverket i Kristiansund starter opp att vil heile krysset bli gravd opp og etterfylt med skikkelig masse og ettertrykkeleg asfaltert!!
Det same gjeld for svingen som held på å skli ut i melen på høgre sida i Evjå, på tur oppover bygda. Den skal bygges opp igjen på nytt.  Her vil også nytt rekkverk kome på plass informerer Kvendset, som verkar rimeleg nøgd over at Todalsvegane no endeleg får litt oppgradering utover.

  Hms/ks koordinator i
Veidekke industri Geir Atle Kvendset, her saman med May Linn Vestvik under Kolo Veidekke sitt vinterseminar tidlegare i vinter. Foto: Trollheimsporten.

Publisert: 14. mars 2012, 20:04