Førstehjepskurs for nye og gamle medlemmer lørdag 3. – søndag 4. desember i Røde Kors-huset på Bøvra Hjelpekorpset i Surnadal Røde Kors arrangerer kurs med avsluttende prøver i teortisk og praktisk førstehjelp. Dette kurset er pålagt for dei som ønsker å vera «operative» i Hjelpekorpset, det er også bra om dei som ønsker å vera med i «omsorgsgruppa» har det.
Les heile saka
På Trollheimsporten held dei på og oppdater lista over lag og organissasjonar, og i ein e-post til Todalen.no skriv Norunn Holten: «På Trollheimsporten held vi på å oppdatere lista over lag og organisasjonar i kommunen. Det er veldig viktig at alle organisasjonar står oppførte her med oppdaterte og korrekte opplysningar. Denne lista blir nemleg også bruka av Surnadal kommune når dei skal orientere organisasjonane om noko eller sende saker ut på høyring. Dersom laget ditt ikkje er med, eller det står oppført feil kontaktperson, kan du risikere å ikkje bli med når viktige avgjerder skal takast.
Les heile saka
Ein rask fotorunde i «flomålet» bekreftar at det ikkje har vore nevneverdige skadar etter stormfloa rundt midnatt. Ein kan mange plassar sjå kor høg vannstanden har vore på flostrengen som ligg att. Bilda er tekne mellom 10 og 11 laurdag føremiddag, og flostrengen viser at vannstanden har vore omlag ein halv meter høgare i løpet […]
Les heile saka
På Sandstad foregår det ei total renovering av huset. Inne har det vorte 3 familieleiligheter som er på det neraste ferdig. Den siste tida har arbeidet foregått utvendig, der det er lagt ny Royal-kledning på ytterveggen og sett inn nye glas. På framsida mot Utigardsøyann bygges det no ny terasse. Fredag var byggherre Gudmund Kvendset og Odd Magne Haugen frå Byggefirma Olav Haugen i innspurten for å få terrassen ferdig før stormen «Berit» sette inn.
Les heile saka
Fredag formiddag var det var det tendens til stormflo. Rundt 11-tida var floa på topp, og da var den godt over normal, men til natta er det meldt om stormflo med vannstand inntil 110 cm over normalen. Todalen.no tok en fotorunde i formiddag, ca 1 time etter at floa var på topp. «
Les heile saka
Det er meldt ekstremvêr på strekninga Møre og Romsadal til Lofoten i kveld og natt. Meldinga går ut på sterk storm på kysten, med sørvestleg vindretning. Her i Todalen går meldingane ut på vind opp til 6-7 m/s, så «Berit» reiser vel forbi utmed kysten. Men det lønner seg nok å følgje med på vêrmeldinga utover dagen.^I morgontimane i dag er det 6-7 varmegrader, men Jon Buset melder at det har vore heilt opp på 14 varmegrader på vêrstasjonen på Småhjellan i løpet av natta. Det er imidlertid meldt lågare temperatur utover mot kvelden og vi må nok rekne med nysnø nedover liene.
Det nye årsskriftet er klart for å leggjast ut for salg. Det skjer søndag 27. november, mellom 12.30 og 15.30 i Todalen Ungdomshus. I tilknyting til lanseringa er det laga ei lita utstilling med måleri, akvarellar og teikningar som Margrete Halle Anthonsen (Skogly) har laga. Det vil også bli vist smalfilm fra midten av 60-talet. Det er Anders Talgø som vil vise gamle opptak som er gjort av Magnor Haltbakk.
Les heile saka
I haust har det pågått linjerydding av 132 kW-linja som går mellom Sunndalsøra og Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Det er Siv og Bjørn Halle som gjennom Allskog har avtale med Statnett om rydding av linja. Onsdag passerte dei to Talgø-fabrikken med motorsag, og gjorde reint bord i krattskogen mellom fabrikken og sjøen. Dermed vart det igjen utsikt mot sjøen fra fabrikklokala.
Les heile saka
Onsdag kveld var det avslutningskveld etter årets sesong for G16 i Todalen ungdomshus. Da var det tid for oppsummering og for å gje ros for det som har skjedd gjennom sesongen, både på og utafor banen. Med eit stort trettital til bords gikk pizzaen ned på høgkant, og etterpå viste oppmann Knut Haugen ein filmkavalkade med årets høgdepunkt i ein kort film. Laget har hatt ein stall med 21 spelarar, og vart denne sesongen nr 7 i 1. divisjon for G16 i Møre og Romsdal etter ein litt svak haustsesong.
Les heile saka
Søndag 27. november er det klart for premiere for historielagets årsskrift for 2011. Det skjer i Todalen ungdomshus, mellom kl 12.30 og 16.30. Da blir det lagt ut for salg, og du som er medlem kan hente årsskriftet som er inkludert i medlemskapet. Det er mykje gammel og ny todalshistorie i årets utgåve, der lokale kunstnarar er hovudtema denne gongen; deriblant Margrete Halle Anthonsen. I samband med dette er det laga ei lita utstilling av noko av arbeida hennar i ungdomshuset denne dagen. Det er mest måleri, men også akvarellar og teikningar. Velkomen! Her kan du laste ned plakaten.
Mesta fullsatt sal med forventningsfulle ungar og kjøpelystne foreldre og besteforeldre gjorde sitt til at Todalen Oppvekstsenter sin solidaritetskveld vart ein liten suksess. Skulen har den siste tida hatt undervisning om Nicaragua og inviterte difor til solidaritetskveld for å vise fram det dei hadde lært og ikkje minst laga. For ungane på både skule og barnehage hadde i fleire veker førebudd seg på denne kvelden med produksjon av lyslykter, såper, lys, fat og juletrekuler for å nemna noko.
Les heile saka
Sist helg braka det løs med premiere på MGPjr julekonsert der Torstein Snekvik er en av deltagerne. Malin Reitan (vinner 2005) Jørgen Dahl Moe (vinner 2009) og Alexandra Rotan (superfinalist 2010) er de andre som er med i det 1,5 timer lange showet. Lokalt er det konsert i Kristiansund 2. desember og i Molde 3.desember.
Les heile saka