Gøran Bolme sliter skolebenken på HINT på Steinkjer, og vi har fått e-post og sprøsmål om vi kan hjelpe ham å samle info til hovedoppgaven hans. Hans skriv: » Jeg har en utfordring til alle i Surnadal/Rindalsføret. Jeg sitter i Steinkjer og jobber med hovedoppgaven min i Naturforvaltning. Jeg prøver å kartlegge utbredelsen av den sjeldne arten Bjørkemus (Sicista betulina) i Surnadal og Rindal kommune. Bjørkemusa har veldig karakteristiske kjennetegn. Med en hale som er lengre enn selve kroppen og en svart stripe fra nesen til basis av halen er den umisskjennelig.
Les heile saka
Torsdag hadde 5. 6. og 7. klassen koka havregraut til alle på skulen og i barnehagen. Svoltne ungar og vaksne samla seg i gymsalen til fellesmåltidet. Grauten var god og gryta vart etter kvart tom. Det vart og servert ferske grønsaker, så dette var eit sunt og godt måltid som gav krefter til uteleiken etterpå. Medan dei største rydda gymsalen fekk dei andre nyte godt av finveret i ballbingen, i sandkassa og ved leiketårnet.
Les heile saka
…prestasjonar i fleng, er eit dekkjande ordspel etter ein stor time med underhaldning av årets 10. klassingar i Storstuå på Surnadal kulturhus. Fullsatt sal på andre kvelden fekk sjå kva dei 106 elevane i 10. trinnet ved Surnadal Ungdomsskule hadde forberedt og øva inn i forbindelse med det årlege storprosjektet som har vore oppsett.
Les heile saka
For andre år på rad har Gudmund Kvendset stor tap av sau på fjellbeite. I fjor mangla 15 dyr etter beitesesongen, og i år er det enno verre da 20 dyr av ein flokk på 87 dyr er borte. Sauene har gått på beite i området Kvennsetdalen og Lauvåfjellet, og har nok vore hatt hyppige besøk av jerven i sommar. Under starten på rypejakta vart det også observert jerv på Nordåbotnsida av Steintælfjellet, og da er det ikkje lange vegen til beiteområdet for sauebesetninga til Gudmund.
Les heile saka
I dag (tirsdag) hadde Todalen Knøtt sin siste trening ute for i år. Det var som vanlig godt oppmøte på treningen. Vi hadde «ballkaos», stafett og avsluttet med kamp – gul mot blå. Gult lag vant med ett mål. I løpet av sommeren har vi deltatt på Breddefotballdagen, HalsaCup, Todalsdagen og SøyaCup. Vi har spilt […]
Les heile saka
Vi skriv snart oktober, og ny kulturkalender fra Surnadal kulturhus er på gang. I oktober er det fleire godbitar som står på programmet, og i tillegg til mange kinoforestillingar er det både teater, danseforestilling med Riverdance og folkeakademiet kjem med forestillinga «Johansen skiftar genser». Men før oktoberprogrammet startar er det ein hektisk innspurt på septemberprogrammet, der Normørsutstillinga held fram til om med 9. oktober. Tysdag kveld var det premiere på 10.-klasseprosjektet «Back to the 80`s«. Dei har og framføring onsdag 28. og torsdag 29. september, der det enno er ledige plassar i skrivande stund. Her kan du kjøpe billett. Her kan du laste ned kulturkalenderen for oktober 2011.
Hjortjakta er i full gang, og både hjort og elg lever utrygt no om dagane. Frå Kvennset jaktlag har vi fått eit fint bilete av Lars Sæther som felte ein 6-spiring oppunder Sultæla i helga. Vi tek gjerne mot fleire fine bilete frå jakta, både med og uten jegrar og bytte. Kanskje du har andre fine motiv som kan væra med i konkurransen om månadens bilete. Send bileta til vår e-post som du finn under «kontakt oss» på framsida og skriv nokre ord om kvar bildet er frå osv.
Sist veke var brannvern tema ved oppvekstsenteret. Torsdag var det brannøving, vi trena på rask og riktig evakuering. Skuleelevane har samlingsplass mellom ballbingen og dissestativet, medan barnehageungane blir samla inne i ballbingen. Brannvernleiar Sjur var godt fornøgd med øvinga.
Les heile saka
Sommarsengen på sjøen er nok på hell, og det er snart tid for å ta båten til vinteropplag. Ivar helge og Gudmund Kvendset nytta floa søndag føremiddag til å ta opp båten frå Småbåthamna på Kvennset. Ustabilt vær gjennom heile sammaren har nok gjort sitt til at det har vore lite båtliv denne sesongen, fortel Ivar Helge. Difor går båten no i opplag i påvente av ein ny og betre sesong neste år.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag 22. september ein kjempeflott tur til Honnstadvatnet og Soggnebba. Etter at vi hadde parkert bilane ved eit grustak på Honnstad, la 33 spreke stavgangarar kursen mot Honnstadvatnet. Medan ein del slo seg ned ved gapahuken nede ved vatnet, fortsette andre vidare til høgdene ovafor Honnstadvatnet. Ei tredje gruppe på 11 personar la kursen mot Soggnebba.
Les heile saka
Denne veka har det pågått sikring Kufalla på vegen til Kårvatn. Laurdag var det brørne Per og Ola Gjeldnes som var i gang med skytearbeid for å få breiare veg og for å sikre at vatnet ikkje grev ut og lagar ras nedpå vegen i regnvêr. Det er Surnadal kommune som er oppdragsgivar, men prosjektet […]
Les heile saka
Laurdag var Saniteten i full aksjon med førehandssalg av lodd til Sanitetsbasaren i sanitetshuset 2. oktober. I kaffekroken på ICA Todalen var Åshild Halle på plass med loddbøker og pengekasse, og kunne rapportere om godt salg til folk som var på laurdagshandel og andre som berre stakk innom kaffekroken. Som sagt blir det trekkjing i Sanitetshuset søndag 2. oktober, og det skjer kl 17.00, medan basaren er open for loddsalg frå kl 14.00, fortel Åshild Halle.