Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hagen full av blomster

Hagen full av blomster

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juni 2012

I Kvendsettrøa hos Erika og Johan Kvendset er hagen full av blomster. Erika er gartner, og har «grøne fingrar», og jammen får ho det til å blomstre. I hagen er det Erika som er sjef, men Johan er ein habil hjelpesmann og det er nok han som får ta ein god del av tungarbeidet. Men Johan er også levande interessert i blomster, og tykkjer det er artig å arbeide i hagen. Dei to starta arbeidet med hagen for 12 år sia, og det er stauder og anna fleirårige blomster dei satsar på. Litt salg driv dei også til dei som er interessert i å kjøpe planter og du finn eit allsidig utvalg i hagen til Erika og Johan.

Det er anlagt fin blomsterhage mellom husa og vegen, men det meste blir dyrka fram i åkeren bak husa det det også er sett opp eit lite drivhus. Erika seier at det er blomstring frå april til oktober i hagen deira, men sjølvsagt er det no på forsommaren at det blomstrar mest. Da todalen.no var innom var det eit stort antal Løvemunn som var klare for salg, men sjølv lika Erika Gudeblomsten som også er litt sjelden her i landet.

Har du lyst til å pynte opp litt i blomsterbeda dine, så er det berre å ta turen innom til Erika og Johan som har sett opp plakat om plantesalg ved nedkjøringa til Kvennsettrøa.

Publisert: 10. juni 2012, 15:29