Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavganggruppa på tur til Bøvra

Stavganggruppa på tur til Bøvra

Jon Olav Ørsal Sundag 10. juni 2012

Torsdag møttest 36 spreke stavgangarar ved Folkets Hus på Bøvra. Før start orienterte Martinus Torvik og turleiar Olav Øye om turen, som skulle gå i området Hammaren – Austre Aunet nord for Folkets Hus. Sola vermde godt, og i bakken nedanfor Austre Aunet sette vi oss på grasbakken og nytte utsikten over dalen med Nordviksula kneisande i bakgrunnen. Da vi kom ned til heimen til Olav spanderte han forfriskande godt og kjøleg oppkomvatn til tørste strupar, og på heile turen hadde han fortalt om plassane vi passerte, godt hjelpt av Dårdi og andre kjentfolk.

Som vanleg vart turen avslutta med ein matpause, denne gongen ved Folkets Hus. Takk til alle for ein triveleg tur, og neste torsdag (14. juni) blir turen lagt til Kvenndalen.

Her finn du bilder frå turen til Bøvra.  Alle Foto: Vidar Sogge

Publisert: 10. juni 2012, 01:38