I går ettermiddag vart det arrangert Sanitetsbasar i Sanitetshuset. Mykje folk tok turen innom utover ettermiddagen, noko som resulterete i stigande basarsøg som nådde toppen ved trekninga klokka 17. Og med heile 57 gjevinstar på hovudbordet, 32 på barnebordet og 28 på «Dagens bord» var det ikkje mange som gjekk tomhendt derifrå. Komplette trekningslister ligg under.
Les heile saka
Forrige helg oppfordra vi til å sende jaktbilde til oss. Sondre tok utfordinga og har sendt oss e-post og bilder frå jakta i helga. Han skriv: » Øya/Bruset/Halset jaktlag møtte som vanleg mannsterkt opp, med både gammalt og ungt personell. Og med god temperatur og fint vær, var det eit godt utgangpunkt for (ei svettfull) jakt i liene på sørsia av bygda. Dagens første fangst vart ei kolle, med slaktvekt på 45 kilo. Rune Moe var skyttaren, og denne blei teke på Skarvøymyra oppi Øyalia. Fleire dyr blei observert utover dagen, utan at det fall noko. Etter at slaktinga tok vi eit ekstra jag nede ved elva i Øya, då det hadde vore observert fleire dyr der dei siste dagane.
Les heile saka
Fredag og laurdag har det vore storstila taklegging på Jostusetra på Husbystølen i Romådalen. Lars Kvendset og Gunnar Nordvik starta arbeidet med å riva det gamle taket på Jostusetra fredag. Så vart det skifta sperrer og lagt nye trobord, før det igjen vart lagt på papptak og gjort klart til å legge nytt torvtak til våren.
Les heile saka
Da er høstens første bloggar klar, og denne gongen er det Endre Husby som er vart utfordra av Gunn Halset som kjem med sitt bidrag. Født og oppvokse på Husby, men søkte lykka utafor bygda og budsette seg på Skedsmo.
Les heile saka
Sist helg arrangert Fylkesmannen i Møre og Romsdal ein konferanse om bygdemobilisering i Sunndal. Her vart alle tre bygdemobilieringsprosjekta i Sunndal presentert og vertskap første dagen var Gjøra og Sunndalsporten. Eit imponerande arbeid er lagt ned av eldsjeler frå Gjøra samfunnet.
Les heile saka
Vår utsente tok ein stopp ved Utigarden på Ørsal for å sjå kva Johan dreiv med. Han hadde rigga seg til ved garasjenåva, og svinga kjøttøksa til hogg. Han var i full gang med å dele opp sauhau, som skulle bli god mat. Han fortel at det var vanleg å bruke sauhaua til mat i gamle dagar, og den tradisjonen har han fortsett med. Da Johan feira 50-årsdag, var det sauhau på menyen og det vart servert som hovudrett til heile festlyden. Den gongen koka han storgryta full av sauhau.
Les heile saka
Ein liten «dugnad» på Bordholmen tirra nysgjerringheita vår til å sjå kva som foregikk på asfaltbanen innafor klubbhuset. Der var Ivar Helge Kvendset og Knut Berli i fullt arbei med eit hol i asfalten. Kva skulle dette bli? Jau da, dei laga feste til statisvet som skal halde tennisnettet på plass. Det skal fungere slik at ein kan ta vekk stativet og legge på lokket når tennisbanen ikkje er i bruk. Så fra våren av skal banen vera klar til bruk, og da blir det alså ei ny idrettsgrein å prøve seg på nedpå Bordholmen.
I helga er det full fres i Todalen Sanitetshus. I dag er det strikkekaffe (Fredrikkekaffe) mellom 14-17, medan det søndag er basar mellom 14-18. Slik det ser ut no, kan det bli eit rekordstort basarbord. Så langt er det kome inn i underkant av 50 gevinstar, berre frå Surnadalsområdet. Her kan nemnast bøker, blomster,bagar, pyntegjenstandar og ulike gåvekort. Då blandt anna eit litt spesielt eit frå Trollheimslab for å sjekke vasskvaliteten på drikkevatnet i ein privat husstand.
Les heile saka
Torsdag dreiv Lars Kvendset og Gunnar Nordvik storstila plenlegging attafor Gammelfabrikken. Mellom den nybygde utstillingshallen og elva vart det til ei ny plen på 2-300 m2 i løpet av nokre formiddagstimar. På førehand hadde dei saman med Per Gjeldnes med gravemaskin gjort eit grundig planeringsarbeid. Så alt var klart når bilen frå Grøa Gartneri kom med fleire pallar med fin og grøn plen på rull. Ja, den kom faktisk i små rullar på 2,5 meters lengde og 0,5 meters bredde. Så var det bare å rulle den ut, og vips så var det ferdig plen! Vi fekk med oss innspurten av plenlegginga, og etterpå skulle den vatnast og valsast, slik at den var jevn og fin. Og til våren er det klart for plenslått.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag 29. september ein flott tur i solskin og 20 varmegrader. Vi starta frå Evjen i Øvre Surnadal, gjekk opp dei bratte bakkane forbi Fugelsøya og vidare oppover Dalseggvegen som fører til Austre Nordmarka. Etter turen samlast alle 43 deltakarane til matpause på Evjen.
Les heile saka
Mari Vattøy, primus motor for det populære tiltaket «Åpen hall» i Surnadal ønsker å invitere med todalingar, og naturlegvis andre interesserte til å delta på sesongåpning i morgon. Åpen hall er eit forholdsvis nytt, og så langt veldig populært aktivitetstilbud i Surnadal. Det er åpen for alle barn t.o.m. 4.klasse mellom kl 12.00 og 15.00. Barna må vere i […]
Les heile saka
Da er det berre ein dag att til søknadsfristen for tildeling av planleggingsmidlar frå Godt Mot, Todalen går ut. Midlane går ikkje til fysiske ting som til dømes hammar og spikar, men for eksempel konsulenthjelp ved nyoppstarting av bedrift, veiledning i byggefase eller kurs og møtevirksomheit. Så her kan det kun vera fantasien som set grensene for dei som kunne tenkt seg å gjere noko for bygda og bli-lysta i Todalen.
Les heile saka