I morgon er det som kjendt kommune- og fylkestingvalg. Dette foregår på Todalen skule mellom 12 og 21. Her har vel dei fleste husstandar fått tilsendt både lister og anna informasjon som krevst.
Attåt er det kyrkjevalg; og her er det både sokneråd i Todalen og bispedømmeråd i Møre og romsdal som skal veljast
Les heile saka
Todalen.no har hatt stor suksess med koppane som vi fekk laga omlag på denne tida i fjor. Men for å ikkje bli dei som går att i same gamle tralten, har vi fornya oss littegrann. Vi har difor vald å kjøyre på svarte koppar framover. Same storleik og fasong som før, men berre enda finare ifølge dei som til no har sett dei «live».
Les heile saka
Vi har fortsatt å ha nokre problem i forbinding med flytting av server for nettsida. Det er årsaken til at dagens bilete og nokre saker har vore forsinka. Vi håpar at dykk ikkje har merka for mykje til dette, men meld gjerne frå til oss hvis dykk ser noko unormalt.
I går kveld var Surnadal Arbeiderparti på rundreise rundt om i kommunen og delte ut roser til husstandane. Her i Todalen var det blant anna Jorunn Ness og Lilly Gunn Nyheim som for rundt. Då dei kom på Brusethaugen sette dei av litt ekstra tid, til ære for ein av partiets ekte veteranar. Anders Brusethaug har heile 66 års medlemskap i Arbeiderpartiet og er dermed den med lengst medlemskap av alle i Surnadal. Anders har no vorte 86 år, og stemmer fortsatt ved alle valg.
Les heile saka
Godt mot, Todalen oppfordrar i ein epost til todalen.no til å bli med på konferanse på Sunndalsøra. Påmelding innan i morgon den 10.
Sunndal kommune har tre spennande bygdemobiliseringsprosjekt. Eit av desse har resultert i Sunndalsporten oppå Grøa
Les heile saka
10. september er ein magisk dato for dei som driv jakt i Todalen. Da startar nemleg småviltjakta for dei som jaktar rype, storfugl og orrfugl, samt at det er startdato for hjort og elgjakt. Det er nok mange som puslar med pakking av ryggsekk og pussing av våpen for klargjering til jakta og jakttur saman med gode jaktkameratar. Når det gjeld småviltjakta er det nok særleg lirype og fjellrype det blir jakta på, og her rapporteres det om meir rype i fjellet i år en i fjor.
Les heile saka
Eldremiddagen har starta oppat etter sommarpausen, og i dag var det sildball som stod på menyen. Det var rundt 30 personar som var møtt fram til middag, blant dei ordførar Mons Otnes og eldrerådet i Surnadal. Ordføraren skulle i utgangspunktet vere med på middag i vår, men vart forhindra frå å koma.
Les heile saka
Søndag 11. september kl 20 er det premiere for jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som i år fyller 150 år. Dette er eit samarbeidprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og det er Bernt Bøe som har ført det i pennen. I tilleg har eit utvalg frå Todalen historielag vore med og samla bilder og informasjon til jubileumsskriftet. Søndag kveld vil altså redaksjonkomiteen saman med forfattaren presentere det ferdig resultatet for dei som er interessert, fortel Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag.
Les heile saka
Vi trudde mesta at det var asfaltering av Ansnesvegen som var på gang da Veidekke passerte utover forbi Todalsøra med ei kollonne på 6-7 bilar med utstyr for asfaltlegging i morgontimane. Men det var nok vel optimistisk å tru det, så ved nærare ettersyn så stoppa bilkollonna på Ansnessaga. Og der var det asfaltering av […]
Les heile saka
Dei siste dagane har det vore problem med å betale for fylling av drivstoff på sjølve kortpumpa på HalsOil. Terje Nordvik fortel at det må skiftast noko utstyr på kortlesaren på pumpa, og at det vil ta nokre dagar før det er i orden igjen. Derfor må du fylle på vanleg måte og betala drivstoffet inne i butikken på ICA Todalen. Og der kan du gjerne betala med kort. Terje håpar at dette ikkje fører til nokon store ulemper for nokon at ein må fylle i opningstida. Butikken er open frå 09-18 (16) på kvardagar og har kioskope fra 16-18 på søndagar.
No er det tid for å kåra månadens bilete for august. Sjølv om temperaturane dei siste dagane har vore høge, har vi no teke farvel med dei tradisjonelle sommarmånadane. Bileta ber preg av at hausten er på veg og det er mørkare på kvelden.
Les heile saka
Surnadal Lastebilveksted (SLV) driv ikkje berre med reparasjon av lastebilar. I dag er også traktorar og landbruksmaskiner ein viktig del av kundeporteføljen for SLV. Verksmeister Halvor Drøpping fortel at SLV gjennom avtale med Nordlund Maskin har inngått eit samarbeid om vedlikehald og reparasjon av traktorar og landbruksmaskiner. Dette kan skje både på verkstaden på Vasseng eller heime hos kunden, med SLV og Nordlunds fullt utrusta servicebilar som er ”rullande verkstader”.
Les heile saka