I følge dei mest ivrige fotballtilhøyrarane, var det i kveld århundres kamp på Bordholmen. Der møttest G16 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal til eit retteleg nabo oppgjør. Her trekte «våre»gutar det lengste strået og slo Surnadalingane 2-1. Kristoffer Nordvik scora begge mål for S/T/K/U. Gå inn på Søyasida for eit fyldig referat.
Les heile sakaLopper til Todalsdagen
No er det tid for å rydde i skuffer, skap, loft og kjellar for å finne fram lopper til Todalsdagens store loppemarknad, seier Jostein Bruset og Borghild Talgø i «Loppekomiteen». Vi tek i mot lopper onsdag 29., torsdag 30., samt fredag 1. juli på Bordholmen. Treng du hjelp kan du ringe til Borghild 908 41 614 eller Jostein på 416 21 177.
Loddsalget fortsett
Martin og Karoline dreiv loddsalg ved ICA Todalen laurdag føremiddag. Det er førehandssalg for SuperLotteriet til Todalsdagen, og dei fortalte at loddane gikk unna. Søndag ettermiddag var Trym og Ingebrigt på plass for å selge lodd. Jobben går på omgang.
Les heile sakaVedsjau på Todalshytta
På Todalshytta har det vore mykje fokus på laksefiskarane sidan starten på laksefisket sist onsdag. Men det er ikkje berre laksefiskarar oppå der, for bak uthuset var det ein gjeng som jobba med å få inn peisved til turistseongen. Dette var første sommarjobben for desse gutane, som var glade for å tene nokre kroner. Dei gledde seg no til sommarferien – ein heil sommar uten lekser – med bading, fotball og kanskje litt jobbing innimellom.
Prestisjeoppgjør på Bordholmen tirsdag
Tirsdag kveld blir det et prestisjeoppgjør på Bordholmen. G16 har da hjemmekamp mot Surnadal. Fra Knut Haugen har vi fått kampinfo, og han skriv: «Søya/Todalen/Kvass/U G16 spiller tirsdag 21. juni hjemmekamp mot Surnadal på Borholmen stadion i Todalen. Dette er et meget prestisjefylt oppgjør, der spillere som er kompiser på skolen skal kjempe mot hverandre i hard kamp om ballen. Hvem er best? Det er grunn til å tro at dette blir en tøff og publikumsvennlig kamp, med spenning og nerve fra første sekund! Kampstart kl 20.00.» Vi i Todalen.no oppfordrer alle supportere til å stille mannsterkt opp på Bordholmen denne kvelden!
Med Skeisnebba som mål
Torsdag 16. juni la stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til hyttefeltet Skeisnebba. Veret var kjempeflott og humøret på topp da dei 32 deltakarane la ut på tur oppover vegen frå parkeringsplassen oppe i Skeisnebba. Martinus Torvik hadde som vanleg møtt opp for å orientera om turen i dag og om turen neste veke. Da skal […]
Les heile sakaKlart for ny laksefestival
Årets Norsk Laksefestival er den 12. i rekken, og en spent festivalkomité med mange nye fjes ønsker velkommen til Surnadal 23. til 26. juni. Offisiell åpning blir fredag med underholding og musikk fra Kulturskolen, Bygdeungdomskoret og Åskardskoret.
Les heile sakaLadyen med lokale innslag
Også i år er det med lokale skodepelarar i framføringa av «Lady Arbuthnott- Frua på Elverhøy». Fra Todalen stiller Kikki Moe og Borghild B Talgø, medan Toril Moe og Steinar Kjølstad frå Surnadal og far og dotter Indergård frå Rindal er med. I år er det ny Lady, og med litt nytt innald er det å anbefala, i følgje Trollheimsporten som hadde teke turen på generalprøven.
Les heile sakaSommarfest i Todalen Oppvekstsenter
Tysdag 21.juni kl. 18.00 er det sommarfest ved Todalen barnehage og skule.
Program ved barnehageungane og elevane.
Alle er velkomne!
Todalen I.L. minner om medlemskontingenten
I disse dager er det forfall på medlemskontingenten til Todalen IL. Hvis det er noen som har mistet fakturaen eller ikke mottatt den, så er det bare å ta kontakt med kasserer Knut Bergli på tlf 905 91 555, eller send en e-post til kasserertodalen@yahoo.no . For enkeltmedlemer koster det 250 kroner, for familier er det 500 kroner. Det året man fyller 18 år er siste gang man er med på familiemedlemsskap. Medlemskontingenten er kjærkommen inntekt for idrettslaget og alle betalinger mottas med stor takk.
Første laks i morgontimane
Kvart over 7 i dag tidleg kom den første laksen på land. Det var ein firekilos rugg som vart lokka fast på kroken av Per Ørsal. Per har vore ivrig fiskar heilt sia gutadagane heime på Sagtrøa, og er nok fast inventar når fisket i Toåa startar. Slik også i år, og etter å ha fått laksen på land bar det heimover med fangsten. Men han var ikkje ferdig med dette, så etter ein liten kaffepause bar det ned i elva igjen, og til Tømmermelhølen der han tok den første laksen. Og her nappa det igjen, og dermed var laks nummer to eit faktum. Denne var litt større, og veksta stoppa på mesta 8 kg. Dermed var Per ferdig med fisket for i dag, for fangstavgrensinga i Toåa er 2 laks per fiskar pr dag.
Les heile sakaNy sesong i Toåa
Frå midnatt er laks og sjøaure «fritt vilt» i Toåa. Sesongen i år varer frå 15. juni og varer til 15. august, og det er same fisketid for både laks og sjøaure. Det er bra vassføring i Toåa etter regnet og snøsmeltinga dei siste dagane. Og etter vêrmeldinga på yr.no vil det fortsatt bli litt regn utover veka, og vassføringa vil nok halde seg. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske som altså kjem i gang 2 veker seinare i år enn i fjor, etter reguleringa av laksefisket som direktoratet har gjort.
Les heile saka