Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sauberging oppi Sulå

Sauberging oppi Sulå

Elinor Bolme Fredag 10. august 2012

Sist onsdag var Per Åke Jakobsson på Gjeldnes ein tur opp til Sulvatnet på ettermiddagen, for å sjå etter eigne sauer. Veret var retteleg dårleg, med skodde og regn. Da såg han at nokre av sauene sto på same plass som sist han var oppover der, ein 5-6 dagar sidan, fortel Torill Gjeldnes i ein epost til redaksjonen. Sauene sto oppi sida ovanfor vatnet , nedanfor inner Sulå. Per Åke gjekk nærare , og skjønte at sauene ikkje kom seg verken opp eller ned frå hylla dei befann seg på .

Dei hadde tidlegare vore oppi veggane der ovafor sulvatnet, og var nok på tur ned da dei vart sitjande fast på hylla. Per Åke ringte rundt og fekk med seg 3 staute karar til hjelp. Han for ned og henta dei, og så bars det oppatt i skodda. Dei fire karane gjekk ovanfor hylla der sauene var, og Tore Svinvik rapellerte seg ned til sauene. 8 av sauene hoppa ned frå hylla i redsel, men klart heldigvis å fote seg nedover sida, ned til Sulvatnet. Dei andre 10 vart heisa opp med tau, ein etter ein. Per Åke , Olav Meisingset og Solmund Solstad sto ovanfor å drog dei opp og hekta dei av. Heldigvis gjekk det bra med både folk og fe! Dei kom ned att rundt midnatt, kald og våt!

Torill har sendt med nokre bilder frå berginga, men med elendig verbruk og eit fokus som nok ikkje var på bildekvalitet vart dei litt uklåre.

Tore Svinvik i svevet.

Tore Svinvik har komme seg ned til sauene.

Berga! Per Åke og Olav Meisingset.

Publisert: 10. august 2012, 21:06