Laurdag kommenterte vi manglande kantslått på kommunale vegar på Todalen.no. I dag starta arbeidet med kanstslåtten, og den første skåren frå Bruset og oppover retning Kårvatn kom igang. Om det blir kantslått på alle kommunale vegar i Todalen i denne omgang veitvi ikkje noko om, men det er i hvertfall viktig at den mest trafikkerte turistvegen i kommunen, Dalavegen, blir «pussa opp».
Les heile sakaPå lufta igjen…
Todalen.no er forlengst på lufta igjen etter driftstans på grunn av serverproblem. Problemet starta på tampen av tysdagen, og det var heilt umuleg å få kontakt med serveren til onsdag føremiddag. Men no skal alt være som normalt igjen og det håper vi vil vedvare.
Kvit varde – lørdag kl 10
Torsdag starter Norsk vandrefestival 2011. I år er åpningsprogrammet lagt til Skogan gård i Valsøybotn. Vandrefestilvalen har et rikholdig program – noe for enhver smak. Lørdag 13. august er en av programpostene lagt til Todalen, nærmere bestemt til Tristeinan. Under den første vandrefestivalen i 2010 ble de første grunnsteine i Den Kvite Varde lagt. Dette kunstprosjektet vil spenne seg over år, og fortsette og være et fast innslag i Norsk vandrefestival sitt program, helt til den siste steinen i varden blir lagt
Les heile saka1000 opne hagar – i arboretet
Søndag 14.august er sommarsesongens siste opningsdag i arboretet. Det blir ein spesiell dag, fordi vi da er med på det landsdekkjande arrangementet «1000 åpne hager» gjennom Hageselskapet, og vi er på denne dagen også lagt inn under turprogrammet for Norsk vandrefestival som går no til helga, fortel Dordi Kjersti Mogstad i ein e-post til Todalen.no.
Les heile sakaLaksefisket på tampen…
Fisket etter laks og sjøaure går mot slutten. Måndag 15. august er siste dag, etter at fisketida vart endra på grunn av faren for overfiske. Den siste tida har vassføringa vore i minste laget, men etter meldingane ligg det an til en god del regn tysdag og onsdag denne veka. På ein liten runde rundt bygda var det fleire fiskarar på elvekanten enn det har vore på lenge.
Les heile sakaKulturhistorisk vandring på Kvanne
Kvanne var kommunesenteret da Stangvik vart lagt ned som kommune og delt mellom Surnadal, Sunndal og Tingvoll på midten av 1960- talet. Torsdagskvelden 11.8. kl 1900 inviterer Stangvik Historielag til en tur «gatelangs» og attover i tid til kommunesenteret, handelsstaden, samferdselsknutepunket og til de aktiviter dette førte med seg. Møt opp på Joker-butikken kl 19.00. Det blir enkel servering underveis. Alle er velkomne!
Ventar på kantslått
Mange kommunale vegar ventar på kantslått. Dalavegen frå Bruset til Kårvatn er ein av vegane der olderkjerra tek til å vekse innpå vegen. Med den store turisttrafikken opp til Kårvatn, skapar det lett farlege situasjonar og er nok heller ikkje det finaste du kan vise fram til folk som ferdes langs vegane.
Les heile sakaPubkveld på Pakkhuset
Pakkhuset Kro på Todalsøra minner om at det er open pub i kveld, og ønsker alle velkomne frå kl 21 og utover.
Satsar på 20 000 besøkande
I skrivende stund har todalen.no opp i mot 20 bedrifter og 15 lag og organisasjonar som medlemmar. Det har den siste tida vore ei lita auke, noko vi er veldig fornøgd med. Men enno er det plass til fleire. Så om det er nokon som ikkje har fått forespørsel frå oss, er det berre å ta kontakt med redaksjonen så ordnar vi det. Som de ser av logoane på høgre side er det ikkje berre snakk om bedrifter frå Todalen, men også ein heil del frå Surnadal. Men er det nokon som kunne tenkt seg å bli medlem utafor Surnadal kommune er dei òg hjarteleg velkomne!
Les heile sakaStem på månadens bilete for juli
Då er det til for å kåre månadens bilete for juli. Juli har hatt nokre finvêrsdagar, men mange av motiva vi har fått inn er av regnbuar, som tydeleg viser at det har vore skiftande. Uansett er vi klare med kandidatane vi har plukka ut denne månaden.
Les heile sakaTil Snøfjellet og Skjerdingfjellet
Tor Kvande og Torbjørn Larsen var tysdag på tur til Snøfjellet og Skjerdigfjellet. Dei hadde med kamera, og frå Tor Kvande har vi fått e-post og fine bilder. Bilda er lagt ut i eit lite galleri nedarfor. Tor Kvande skriv i e-posten: «Tur opp via Tårnet til Snøfjellet og heimat langs ryggen på Skjerdingfjellet. Sender bilder frå ein fin tur gjennom tåkehatt og opp på fjell i hjertet av Norge.»
Les heile sakaBåde G16 og G14 er ute av sluttspillet
Etter tap i gårdagens kamper går begge laga ut av sluttspillet, skriver Knut Haugen på I.L. Søyas hjemmeside. «G16 tapte onsdag 1/64-finalen (A-sluttspill) mot Bjørndal IF på straffesparkkonkurranse, etter at det fortsatt stod 0-0 etter ekstraomganger. Og onsdag kveld møtte G14 bergenslaget Nordre Fjell 1/16-finale i B-sluttspillet. Kampen endte med tap 1-3, men våre gutter gjorde en kjempekamp med heroisk innsats mot eldre, fysisk sterke og store bergensere.»
Les heile saka