Rv 70 Ålvundfossen – Ålvundeid er midlertidig stengt om natta frå måndag – torsdag denne veka.
Vegen er stengt på grunn av vedlikehaldsarbeid måndag til torsdag frå kl 21:00 til 06:00 (neste dag). Utrykningskjørety og rutegåande trafikk kan passere. Gjeld frå måndag 21.05.2012 til torsdag 24.05.2012. Her kan du lesa kva Vegvesnet skriv om dette.

Stavgang ved Storfossen
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag er aktive som aldri før, og denne veka skal dei til Gammelfabrikken og området rundt Storfossen, fortel Martinus Torvik i ein e-post til Todalen.no. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møtest førstkomande torsdag ved Talgø sin Gammelfabrikk i Todalen. Marsjen vil gå i fabrikken og fossen sitt nærområde. Etter marsjen blir gruppa beden inn i fabrikklakalene. Vanleg niste og utrustning. Vel møtt til gamle og nye stavgjengarar.»

Overraskande besøk på spelplassen
Storfuglleiken vart litt annleis enn han reka med for Ola Halle. Ola er frå Hjellnes i Todalen, men bor no i Trondheim. I helga var han heime i Todalen på besøk, og skulle laurdag kveld ta ein tur til skogs til hytta til bror sin. I nærleiken av hytta ligg det ei myr der det er laga eit kamuflasjeskjul som blir bruka til å oppleve spelet til storfuglen. Da det leid mot kveld tok han plass i skjulet for å vente på at det skulle bli aktivitet, og gjorde seg klar med kamera for å prøve å få eit bilde i løpet av kvelden eller i morgontimane.
Les heile saka
Torsdagsgolf
Surnadal Golfklubb inviterer til torsdagstrening på Surnadal Golfpark på Mo, Kvanne. Her blir det gratis drivingrange (slagtrenining) med instruksjon og gratis runde på banen. Golfklubben ønsker velkommen til eit hyggeleg og uformelt golfmiljø på ein spennende og utfordrende bane. Surnadal Golfpark ble åpnet som 6-hulls bane 19. august 2006, og utvidet til 9-hulls sommeren 2008. Torsdagane dette […]
Les heile saka
Rosenborg ute
Sunndal G16, med Brage Hauglann Talgø og Ørjan Haugen har i dag slått Rosenborg 2-1 i 3. runde i cupen. Laget er nå klare for 8. delsfinale, skriver Tidens Krav på sine nettsider.
Det stod 2-1 til pause, der Sunndal hadde føringen i første omgang, men guttene klarte å bevare ledelsen selv om trønderne skjerpet seg i andre omgang.
Les heile saka
Vassanlegg på dugnad (med bildegalleri)
Ved Lauvåa på Husby bygges det nytt anlegg for vassforsyning til dei rundt 50 abonnentane fra Bruvollen og Andersstua på Kvennset heilt opp til Skogstad i Hallagrenda. Anleggsarbeidet skjer på dugnad, og det har vore dugnad kvar onsdagkveld og laurdag ein månads tid no, og anleggsledar Svein Åge Saksen trur at det meste skal vera gjort om eit par veker. Denne veka har byggjing av ny driftssentral stått på programmet, og den er delvis basert på ferdige element som Kristian Gjeldnes har laga heime i garasjen.
Les heile saka
Seniorfotball på Søyabanen søndag
Søndag kl 15.00 spilles årets første seniorkamp på Søyabanen, da hjemmelaget Søya/Todalen møter Sunndal sitt andrelag til kamp i 5. divisjon. Våre gutter står fortsatt uten poeng etter 3 serierunder, men det har vært klar framgang spillemessig – og det er slett ikke umulig å ta poeng fra Sunndal. Håper hjemmepublikum kan ta turen til Søyabanen søndag. Vi frister med gratis inngang og åpen kiosk, skriver I.L. Søya på sin hjemmeside.

Toril feira dagen på Færøyene
Det er nok fleire todalingar som har feira Noregs grunnlovsdag i utlandet i år også. Ei av dei er Toril Redalen som var på Færøyane for å ta del i opning av utstilling i Nordens Hus, saman med statsminister Jens Stoltenberg og følgje. Toril var der for å delta i ei kunstutstilling der ho har utstillt noko av sitt kunstarbeid, medan statministeren i tillegg besøkte Shetland og Færøyene for markere at det i år er 70 år sia den norske basen vart etablert der under krigen.
Les heile saka
Fotterapi
Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Marit Sanden Søyset. Denne gangen er de oppsatte dagene som følger: tirsdag 29. mai, torsdag 31. mai og mandag 4. juni. Det er fortsatt fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.
Les heile saka
Feira grunnlovsdagen i regn
Sjølv om regnvêret la ein liten dempar på 17.-maifeiringa, var det bra deltaking både i kyrkja og på arrangementeet i skulen etterpå. Feiringa starta med folketog frå skulen og nedover til kyrkja for å delta i gudstenesta, der vi hadde fått lånt soknepresten i Surnadal som heiter Vidar Rygh. Det var 106 tilhøyrarar i kyrkja, og det var reint så koseleg med så mange budnadskledde og med flagg som pryda kyrkjerommet. Med så mykje folk i kyrkja prega det også salmesongen som var fyldig og klangfull.
Les heile saka
17. maifeiring på Nordvik
Værmeldingene var ikke de beste for 17. mai i år, og da toget på Nordvik startet fra Oppistua kl. 1300 var det lett duskregn, noe som gjorde at paraplyene kom fram etter hvert. Vel framme ved forsamlingshuset ble toget tatt i mot av leder i 17. mai-komiteen, Kari Nordvik, som ønsket velkommen. Da alle hadde benket seg inne i forsamlingshuset var det klart for dagens tale ved Lise Bjerknesli, og hun åpnet med dikt av Nordal Grieg fra 1940. Videre var hun litt innom krigens dager, og tragedien fra 22. juli i fjor. Samtidig ga hun ros til Nordvik grendalag for aktivt samfunnsangasjement, og mente at Nordvik var en fin plass å bosette seg på. En komprimert tale med godt innhold som alle lyttet til.
Les heile saka
Heile bygda på frokost
Fotballgruppa inviterte heile bygda på frokost i Ungdomshuset – og bygdafolket dei kom! Det var iallfall 148 som fikk servert frokost i Todalen undomshus på 17. mai, og det var dekt opp både i storsalen, scena og på galleriet. Det var dekt opp eit rikhaldig frokostbord i maltsalen, med masser av pålegg, drikke og både hardkoka og blautkoka egg. Det var som sagt fotballgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør, og frokostarrangementet var flytta frå Bordholmen til Ungdomshuset på grunn av utrygge vêrforhold. Det hadde nok vorte surt med frokost under open himmel på Bordholmen denne dagen.
Les heile saka