Svorka Energi inviterer førstkommende fredag til informasjonsmøte rundt utbygging av småkraftverk i Surnadal, Rindal og Halsa. I disse kommunene er det tilsammen ca. 16 nye planer for småkraftutbygging. Møtet blir i Svorkabygget midt på Skei frå klokka 12 til 14 30.mars, melder Odd-Einar Glærum, driftssjef i Svorka Energi, i ein epost til todalen.no.
Les heile saka
Tordag fann Jorid H. Ansnes den første kvitsymra på elvakanten nedafor eit stykke nedafor Øyabrua. Blir det litt sol og varme i helga no, så kjem nok det eine vårteiknet etter det andre, og det skal nok berre litt varme til for at det skal bli grønt rundt oss. Send oss gjerne bilde av andre vårteikn når dei dukkar opp.
Den 29. fabruar, på selveste skuddårsdagen, gjorde Rossåa settefiskanlegg et framstøt for å få til flere todalinger, skriver Monika Klungervik i en e-post til Todalen.no. «Da gjorde vi nemlig et forsøk på å legge ut øyerogn i Toåa, men denne dagen var elva for stor slik at vi måtte utsette jobben til mandag 5. mars. Det er ikke noe pålegg om å legge ut rogn i Toåa, men etter 2011-stamfisket fikk vi ett overskuddsmateriale som var ganske stort, dvs 50 000 rognkorn totalt.
Les heile saka
Det komunale eldrerådet i Surnadal er uroa for manglande telefondekning, og i ein uttale dei har skrive gjev dei sterkt uttrykk for manlande tryggleik når både fastnettet og begge mobilnetta er ute av drift samtidig. I Todalen var alle telefonar unnateke IP-telefonar ute ei vekes tid tilegare i vinter, og det er ikkje meir en eit par år sia det var ein liknande situasjon. Da var både alarmtelefonar og tryggleikstelefonar ute av drift, og det tok 6 døgn før summetunen var på plass i gjen. Vi gjengir utalen frå det kommunal eldrerådet:
Les heile saka
Onsdag kom veggane på plass på nyfjøset i Viastua. Dermed er utbygginga komen eit skritt vidare, og entreprenøren kan fortsette arbeidet med å fullføre utbygginga. Leveransen av veggar kjem frå Overhalla Cementvare AS, og kran fra Alf Engen kom for å løfte veggelementa direkte på plass. På ei lang økt var alt på plass, og ferdig montert. Enkelt og greit!
Les heile saka
Det oppfordrar diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal når årets konfirmantar og andre frivillige kjem med børsene under fasteaksjonen. – Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer. Du kan redde liv! Tirsdag 27. mars er den årlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.
Les heile saka
Fredag kveld, 23. mars, er det årsmøte i Todalen småbåtforening. Det skjer på Pakkhuset kro på Todalsøra, og starter kl 20.00. I en e-post til Todalen.no skriver leder Lars Stensby at den største saken på årsmøtet nok er forslag om navneskifte til Todalen Båtforening. Han skriv: «Det store i år er at det er foreslått å formelt endre foreningens navn til Todalen Båtforening. Vi ønsker å være en inkluderende forening, og vil ikke diskriminere de som har store båter. Dette kreverat vi endrer vedtektene for å formalisere navneendringen. Samtidig som vi foreslår å endre navnet, har vi fått Line Kvendset til å tegne en logo for båtforeningen. Det blir spennende å se om den får årsmøtets tilslutning.
Les heile saka
Mandag kveld var det premiere for nye drakter og anna utstyr for G19 som er samarbeidslaget for juniorane i Todalen, Kvass/Ulvungen og Søya. Draktene som spelarane skal bruke er svart/kvitstripa som dei gamle draktene til Todalen, og dei har med seg solide sponsorar som har fått reklame på draktene og som tilsaman har bidrege med 50.000 i lagskassa. Det er HalsOil, Talgø og Surnadal Sparebank. Dei 19 spelarane fekk utdelt drakter, overtrekksdrakter og genser som reiseantrekk.
Les heile saka
Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal kommune har i helga sendt ut ei pressemelding til loale redaksjonar og Fylket angående vegvedlikehaldet i kommunen, og ønsker å rette søkelyset på faren for fleire alvorlege ulykker i tilknytning til dette.
Les heile saka
Det fine turværet i dag tidleg inspirerte til å ut for å få litt frisk luft, og dagens utflukt gikk til Gammelvegen ved Svinvika. Du kan velg om du vil starte frå parkeringsplassen ved Svinviks arboret eller du kan starte frå parkeringsplassen ovafor Snøya. Vi valgte å parkere ovafor Snøya, og gikk utover gardsvegen mot Hjellnes og tok av utover den gamle vegen langs Langkleiva mot Svinvika. Denne vegen vart bygd i 1890-åra, og er no restaurert av Surnadal kommune til gang- og tursti. Vidare går du etter den asfaltvegen langs fjorden attende til Snøya.
Les heile saka
Laurdag var det storstila bacalaodag i Forsamlingshuset på Nordvik. Etter fleire år med tradisjonell balldag, var det på tide å bryte denne tradisjonen med ny meny og altså heimelaga bacalao. Og på kjøkenet auka sjølvsagt spenninga etter kvart som det fyltes opp med bilar på parkeringsplassen, og med folk i salen. Vart det nok bacalao? Det var dekt på til 50 personar i storsalen, men det kom over 50 og det laut dekkjast nye plassar. Og så vidt vi kunne observere så vart det nok bacalao til alle, og det var nok fleire som nytta høvet til å fylle på att litt. Etterpå var det fruktsalat med krem og vaniljesaus til dessert og kaffe. Det var nok mange som hadde lite plass att til desserten, når bacalaoen var fordøyd.
Les heile saka
I år er Johan kvendset einaste todaling som deltek i Birkebeinerrennet. Han er godt i gang og har passert Kvarstad, som er godt og vel halvvegs. I fjor vart han nummer 10 i klasse 75-79 år og gikk på tida 4.41.26. Så spørs det korleis føret og forma er i år? Vi er imponert over innsatsen, Johan!
Les heile saka