Men årets påskevêr kjem ikkje innunder den kategorien. Uansett om vi vil eller ei så er høgtida no på hell, og dei aller fleste av oss byrjar på kvardagar med arbeid allereie i morgon. Nokon har naturlegvis halde hjula i gang i påska også, dei bør kanskje ikkje gløymast.
Les heile saka
Todalen sokneråd melder i kveld friluftsgudstenesta som skulle vore på Haugligardane blir flytta til kyrkja, til oppsett tid kl 12.00. Det er i løpet av påska kome mykje snø og det har gjort at det er ugunstige forhold på Haugligardane. Alle er velkomne til Todalen kyrkje til gudsteneste 2. påskedag!
Påskeaftan blir påskehøgtida ringt inn ved kyrkjene landet rundt. Todalen kyrkje er ikkje noko unnatak, og mellom kl 17 og 18 var det god klang i klokka i kyrkjetårnet. Det var som vanleg Kristen Bruset som sørgja for at det var lyd i kyrkjeklokkene ved Todalen kyrkje.
Les heile saka
Vêrgudane viste seg endeleg frå si beste side og slapp no påskesola fram. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten, i regi av skihyttekomiteen og trimgruppa. Sjølv om sola skein, lura det nokre mørke byger uti fjorden som ga nokre snøfnugg, men dette var stort sett ingen ting å rekne samanlikna med nedbøren som vi har hatt i løpet av påska. Denne oppfatninga hadde også resten av bygdefolket, som etter kvart strømma i store stimar opp til skihytta. Arrangementskomiteen hadde fått fleire hendvendingar på telefon at det var folk på tur opp lia, og at starten på kjerringsdilten måtte utsetjast litt. Startskotet for kjerringdilten kunne endeleg gå og heile 40 personar stilte på startstreken.
Les heile saka
Så er saulamminga igang! Det første lammet kom i dag tidleg i Viastua, der Gudmund kvendset var på plass for å ta i mot. Førstefødte var til alt overmål eit svart bekkerlam med kvit pannelugg. I Viastua har dei 30 lamsauer i år, og ventar at mellom 60 og 70 lam skal kome til verda i løpet av 2-3 veker. Det starta forsiktig med eit lam i dag tidleg og eit til kom seinare på dagen.
Les heile saka
Løypekomiteen ved Dan Roger Pedersen og Ståle Ansnes har rapportert til todalen.no at de har greidd å kjøyre på scooterspor frå Øyalia og fram til Skihytta. Dei kan fortelje at dei klarte å unngå at skidåra måtte leggjast om Snekkardalshalsen, da det skal være muleg å krysse elva litt lengre inn/opp enn vanleg ved Vintervaet. For tida er ikkje elva på det aller største, så det er muleg å forsere ho.
Les heile saka
Frå Peder Kvendset har vi fått bilde frå Kvennsetdalen, det det var eit trettitals besøkande på Markastua (Hopsetra) i dag. Han rapporterer om rimeleg bra skiføre, men sola var sjølvsagt fråverande. Send oss gjerne bilde når du har vore ute på påsketur, så legg vi ut eit bildegalleri. Send bilda til red@todalen.no
setra var det kaldere, og nedbøren besto av tørr snø. Det gjorde at det gjekk greit og oppholde seg ute, og alle øvelser på Seterrennet ble utført etter programmet. Nærmere 50 personer stilte til start på langrennet, og her var både kort og lang løype. Så var det klart for kulerrennet, og nærmere 20 personer gjennomførte i fin stil. Litt knall og fall ble det på enkelte, men mange sto fjellstøtt og avsluttet med et luftig hopp. Imponerende!
Les heile saka
Det har vore mykje snakk om varmerekordar i mars. I veka som gikk vart det sett ny norsk varmerekord for mars med +23,1 grader på målestasjonen i Landvik i Grimstad. Den høgste marstemperaturen på Småhjellen kom allerede i 1990 med + 16,4, og den kaldaste kom 1. mars 2001 med – 20,5 ( einaste målinga under -20 i mars på over 20 år) I motsetning til årets marsmånad, var det i 2006 heile 14 dager med – 10 eller lågare, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no
Les heile saka
Arbeidet med å utbetring av vegen over rasstaden i Falla har starta. I første omgang har Per E. Gjeldnes starta med tilkjøring av stein for å lage nytt fundament til vegen forbi rasstaden. Eit oppkomme gjer at det enno er mykje vatn i området, og sjølve vegarbeidet kjem nok ikkje i gang før over påske. Gjeldnes fortel at ein skal prøve å lage ei steinfylling i sjølve raspunktet, med dersom det ikkje går an så blir det eit omfattande arbeid med steinfylling heilt frå bakkekanten og opp til rasstaden.
Les heile saka
For noen dager siden uttalte arrangøren av Seterrennet at det var ønskelig med mere snø før skjærtorsdag. Det er ikke ofte at noen blir bønnhørt så til de grader med sine ønsker. Snø fikk vi i rikelig monn, og det hadde selvsagt klart seg med mindre. Imidlertid har også snøfallet sin negative sider, og den annonserte busstransporten er det ikke mulig og gjennomføre under de rådende forhold. Vi satser derfor på traktor og tilhenger som transportmiddel. Det er selvsagt ikke noen komfortabel skyss, men et alternativ for den som ikke foretrekker å gå. Samtidig gir vi klarsignal for å kjøre selv for den som har 4-hjulstrekker. Vi vil på det sterkeste fraråde de med 2-hjulstrekker å prøve seg på seterveien. Da kan det bli kork og trøbbel for de som har utstyr til å komme seg fram. Ellers går Seterrennet og After Ski som planlagt.
Arnt Ivar Brønnbo melder i dag at den lova oppkjøyrde skutertrasseen til Kjerringdilten heng i ein tynn tråd. Idrettslaget sin skuter er ute av drift grunna ein oljelekasje, og i tillegg er føret av slik karakter at det er bortimot umuleg å ferdast til fjells no. Det har dei siste døgna snøa mykje både på fjellet (ca 70 cm) og nede i bygda, noko som gjer det vanskeleg med tanke på å komme seg opp om veret fortsett som no.
Les heile saka