Søndag (21. august) var Gunn Åsprang Lund saman med familien på tur til trimposten oppå Kjerringa. Dei køyrde bil opp etter skogsvegen frå Ungdomshuset og opp til lunningsplassen og gikk derifrå og opp ytre Øyalia, og passerte Haukåa så snart dette gikk an når dei kom oppå lia. Ho oppdaga da at skjorta var mista mellom parkeringsplassen og staden dei skulle gå over elva. Det var ei mørke blå ullskjorte, og dersom nokon har sett ho eller skulle finne ho, så er det fint om du tek kontakt med Gunn på telefon 90565374.
Mange tok turen til «Open dag» i Pestua
Rundt 250 personar frå distriktet tok turen til Pestua på «Open gard» søndag. Både store og små kom for å sjå det nye oksefjøset med over 300 oksar og hønehuset med 7500 verpehøner og ikkje minst for å sjå dyra som var der. Det var todalen Bondelag som var arrangør, med Maren, Asbjørn og resten […]
Les heile sakaOppserverte gaupe!
Da Jon Are Husby og Grete Ingebrigtsen var på tur heim til Trondhim søndag kveld, fekk dei ei overrasking mellom Svinvika og Nordvik. Ei velvoksa gaupe passerte over veg rett framfor bilen, og forsvann i skogen. Grete Ingebrigtsen fortel til Todalen.no at ho aldri hadde sett gaupe før og tykte det var både artig og spanande å få sjå det fine dyret på nært hald. Det er kanskje lurt å ha «skuddklart» kamera i bilen på tur til og frå Todalen no. Vi tek gjerne mot bilde på Todalen.no.
Kraftnettsituasjon – Temamøte i bondelagets regi
Bondelaga i Surnadal og Todalen inviterer til temamøte om nettsituasjonen og korleis nødvendig opprusting av lokale, regionale og nasjonale nett skal finansierast. Lokalt er det i dag enkelte linjer som er utilstrekkelig dimensjonert, og fleire vil få problem etterkvart som meir straumproduksjon vert bygd ut, fortel ledar i Surnadal Bondelag Oddvar Mikkelsen. Han fortel at det er same problemet fleire plassar rundt landet, og det er også eit problem i det sentrale nettet til Statnett.
Les heile sakaSøyacupen vart suksess
Søyacupen vart ein suksess, sjølv om det var ein litt våt start på dagen. Vêret vart bedre utover dagen, og det vart etter kvart sol og ein fin dag på Søyabanen. Nærare 1000 personar var innom banen i løpet av dagen, og det var eit yrande liv, og både spelarar, ledarar og funksjonærar kosa seg i lag med ein heil dag med fotball.
Les heile sakaStarta nytt skuleår
Tordag 18. starta nytt skuleår i Todalen oppvekstsenter. I det nye skuleåret er det tilsamman 26 elevar ved todalsskulen, og det er 3 nye førsteklassingar som hadde sin aller første skuledag sist torsdag. Det nye skuleåret vart starta med minnemarkering etter terrorangrepet, og rektor Dordi Jorunn Halle tente lys og markerte med eit minutt stillhet og deretter songen «Mitt lille land».
Les heile sakaSett av søndagen til gardsvandring
Todalen Bondelag arrangerer som tidlegare nemt open gard i Pestua på søndag. Der vil Maren Ansnes og Asbjørn Karlsen vere vertskap. Bondelaget, Surnadal Bygdeungdomslag og Start 4H vil stå for det faglege gjennom dagen. Her vil det bli mulegheiter for å stifte kjennskap til ulike dyr, og ikkje minst få sjå inn i eit nymoderne oksefjøs. Det heile startar klokka 12 og varer til klokka 16.
Les heile sakaPrøver å spå framtida
I følge Tidens Krav er det ikkje så beinast å spå trendar og kjøpsmønster i møbelbransjen. Uansett legg blandt anna Talgø AS ned stor innsats for å treffe best mogleg for å få eit så bra salg som mogleg. Dette kan salgssjef Rune Moe fortelle om i gårdagens i Tidens Krav. Han fortel at mykje av arbeidet blir gjort på møbelmesser forskjellege plassar i verda. Han skal blandt anna til Shanghai utpå hausten for ein «kikk inn i framtida».
Les heile sakaTrollheimsmarsjen – søndag 28. august
Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.
Les heile sakaStavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.
Torsdag den 18. august la stavganggruppa turen til Bøkeskogen i Stangvika. Etter at vi alle hadde samlast ved Stangvik kyrkje, køyrde vi Gammelvegen forbi Lerbrua og parkerte bilane straks nedfor Bøkeskogen. Regn og skodde følgde oss heile tida medan vi gjekk opp den nye og flotte skogsbilvegen. Men vi hadde kledd oss etter veret, så humøret var på topp.
Les heile sakaFerien er slutt
Då er det ikkje mange som er i feriemodus i Todalen lenger. Ein tur på Bordholmen i kveldinga bekreftar det. Start 4H hadde medlemsmøte og G14 spela kamp mot Sunndal. I tillegg var det oppstart med sykkeltrimmen, der det var imponerande mange utabygdes som ankom Bordholmen på sykkel.
Les heile sakaKlart for skulestart
Torsdag kl 8.30 er det klart for oppstart av eit nytt skuleår også for Todalen Oppvekstsenter. I år som i fjor er skulen todelt, med Dordi Jorunn Halle som rektor, og Bjørn Einar Høivik som einingsleiar. Ellers har oppvekstsenteret Britt Mossing, Laila Buskenes Aune og Torill Gjeldnes som tilsette fag- og kontaktlærarar. Solvor Røen og […]
Les heile saka