Det var ikkje berre møblar å sjå i Köln. Dei har staseleg kyrkje også – Kölnerdomen. Vi budde i gåavstand frå dette praktbygget, og kunne ikkje reise frå Köln uten å stikke innom der ein tur. Kölnerdomen er 157,31 m høg, så det var ikkje vanskeleg å finne fram dit. Så med Narve Talgø som kjentmann og fagkonsulent tok vi ut til fots og i løpet av ein halvtimes tid og ein liten bomtur var vi framme. Vi vart imponert!
Les heile saka
For ei tid tilbake hadde Søya Todalen skytterlag sitt første styremøte for året. Møtet var halde på Hammerstuene og agendaen var å kome igang for det nye styret. Andre saker var ein gjennomgang av økonomi og varelager. Det nye styret skulle og bli kjent med kvarandre samt få litt informasjon og tips frå dei gamle.
Les heile saka
Mange i Todalen sit no og ventar på svar på søknadane dei vart oppfordra til å sende inn til Godt mot, Todalen innan 1. oktober 2011. Desse kan i følge Godt mot, Todalen ikkje besvarast før dei har fått godkjent den siste årsrapporten for prosjektet. Denne rapporten var enno ikkje innlevert onsdag i forrige veke da todalen.no var i kontakt med fylkesagronom Synnøve Valle hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ho var heller ikkje av den oppfatning av at dette kunne være informasjon som måtte haldast attende før rapporten var godkjent slik som Godt mot, Todalen har oppgjeve.
Les heile saka
I helgen har det vært lek og moro på skøyteisen på Bordholmen. Mange var ute for på prøve skøytene i finværet på søndag. Det ble spilt ishockey og gått friløp. Også fredag og lørdag har det vært masse aktivitet på isen. Garderoben har vært åpen og lysene tent til ni-ti tiden på kvelden.
Les heile saka
Ein billist på veg til jobb i Todalen (ca kl 7.50) var uheldig og fikk knust eit sidespeil på Nordvik måndag morgon. Møtande billist fortsette utan å stanse, men billisten ønskjer kontakt da det vart ein mindre skade på bilen. Billisten oppfordrar derfor om å ta kontakt på telefon 41 04 16 12 så snart som muleg.
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2011. No er det snart to år sidan vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i to og eit halvt år sidan vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr av vi snart er oppe i 1000 innsendte bilete.
Les heile saka
Mellom 90 og 90 skodelystne var på plass i Ungdomshuset da Maren Ansnes kunne ønske velkomen til ettermiddagskaffe og visning av filmen ”Finnguten”. Det var produsenten sjølv, Eistein Bæverfjord som stod for visninga, og etter responsen frå publikum å døme lika dei det dei såg. Filmen var ein historisk dokumentasjon om den over hundre år gamle historia om sørsamane i fjella mellom Hemne og Rindal, og om den sjuke finnguten. Den har tidlegare gått for fulle hus både i Rindal, Betna og ikkje minst i Bæverhallen, der det var premiere på filmen.
Les heile saka
Det er dimensjonar over møbelmessa i Köln! Både «Bygg Reis Deg på» Lillestrøm og den tidlegare Ålesundsmessa blir nok som kebabkioskar å rekne i samanlikning med møbel- og interiørmessa i Köln. Den har utstillingar i 11 hallar, på tilsaman 740.000 kvadratmeter golvflate, og for å gi eit inntrykk av kor stort areal dette er så kan […]
Les heile saka
Denne veka har den tradisjonelle Kölnmessa gått av stabelen. Det er ei av Europas største møbelmesser, og som nettstad for ei møbelbygd var det naturleg at Todalen.no tok turen dit saman med møbelfolk frå Todalen. Terje Nordvik i Terjes Handelagentur er agent for Top Star kontorstoler, og jobba på standen deira denne veka.
Les heile saka
Onsdag startet Todalens knøttelag oppkjøring til 2012-sesongen. Vi trener inne i gymsalen på Todalen Skule. Det starter med fri lek i 20 minutter, så er det kanonball med to baller i 20 minutter før det er 20 minutter med fotball. Onsdag delte vi gymsalen i to og delte opp i 4 lag. De eldste på en bane og de yngste på en annen bane. Spesielt blant de yngste var det i perioder amper stemning.
Les heile saka
Rådmann Geir Vikan foreslår no å flytte alle elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter til Todalen skuleåret 2012/13. Dette fordi Stangvik skule skal renoverast for omlag 15 millionar, og kommunen har begynnt arbeidet med å finne den beste løysinga for gjennomføringa av det neste skuleåret.
Les heile saka
Bygdemobiliseringsprosjektet SPLEIS i Bøfjorden inviterer alle til ei uforglømmeleg helg i Grendahuset 20. og 21.januar 2012. Humørbonden Geir Styve held eit inspirasjonsforedrag fredag kveld med tema: Godt bygdeliv, begeistring og korleis møte utfordringar og motstand. Her melder Olaug Kvendset at det vil bli samkjøyring frå Todalen om det er nokon som vil vere med. Så langt har vi ein full bil, men der hadde vore artigt om fleire vart med herifrå. Møt opp på Hals klokka 18 i morgon kveld for samkjøyring, seier ho.
Les heile saka