Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget presenterer nytt årsskrift

Historielaget presenterer nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Måndag 19. november 2012

Todalen historielag er klare med nytt årsskrift, og arrangerer tradisjonell lansering i Todalen ungdomshus søndag 25. november kl 13-16. I samband med lanseringa er det og laga ei kunstutstilling, der den allsidige Todals-kunstnaren Reidar Østvik vil stille ut ein del av sine arbeid. Etter lanseringa vil han kl 14 orientere om utstillinga. Historielaget byr sjølvsag på ettermiddagskaffe, bakels og kaker, og ønskjer alle velkomne til ei triveleg ettermiddagsstund i Todalen ungdomshus. Her kan du laste ned plakaten!

Publisert: 19. november 2012, 22:11