Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laurdag: “Julmess” i Nistua Nordvik

Laurdag: “Julmess” i Nistua Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. november 2012

Laurdag 24. november er det duka for ny «julmess». Denne gongen er det den tradisjonelle førjulsaktiviteten i Mastua i Nistua på Nordvik, der det blir ope mellom kl 12 til 17. Der blir det eit variert utval i produkt å få kjøpt, og litt tå kvart både for auge og gane. Kristine tek julefotograferinga i stabburet og lagar julekort, medan Arve bakar og sel flatbrød direkte frå steketakka.

I tillegg får du både mølsgraut, lefse, strikkavarer, soplimar og treprodukt frå Viastua og Torunn, som og er vertskap, har eit stort lager med fine nissar. I tillegg kjem Sylte gardsslakteri med julemat og Kongshaug Fisk med sild- og fiskprodukt. Vidare blir det både småsløyd, strikkaduka, naturdekorasjonar, smågodt og mykje anna.  Ta turen til Nistua og Mastua på laurdag og smak på julestemninga!

Først publisert: 21. november 2012, 00:00 - Sist oppdatert: 20. november 2012, 23:43