Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Betenkt over skulevedtak

Betenkt over skulevedtak

Elinor Bolme Tysdag 20. november 2012

Mange har den siste tida antageleg registrert den omtale som skulesamanslåinga i Bøfjorden  og Bæverfjord har fått i både Tidens Krav og Driva. Seinast i går, var dette eit av hovedoppslaga på Driva.no. Mange todalingar følgjer denne saka frå sidelinja no, då det frå kommunalledelsen har vorte varsla ein gjennomgang av skulestrukturen i kommunen. Og med ein flunkande ny skule på Evenshaugen frå hausten 2013 er det fort gjort å endre skulestrukturen for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter òg. Men til mange si overrasking har ikkje dette vore eit tema enda, men ein ser no i Bøfjord/Bæverfjord kor fort slike ting kan snu.

Driva skreiv i går:  Meininga var dette berre skulle gjelde inneverande skuleår. Men i førre møte i hovudutvalet for oppvekst blei det vedteke mot ein stemme, å be rådmannen fremme ei sak om samanslåing frå neste skuleår. Saka skal sendast ut på høyring. Høyringsframlegget behandlast av utvalet kommande torsdag. Dermed er skulestrukturdebatten i gang på nytt.

– Eg vart overraska da saka vart fremma utanom sakskartet, og eg meiner det er feil vinkel sett opp mot vedtaket kommunestyret gjorde i haust, seier Lars Polden (Sp) medlem av hovudutvalet for oppvekst, og den eine stemma mot forslaget på førre møte.

Les heile saka i Driva HER.

I etterkant av dette har todalen.no i lag med fleire fått eit lesarinnlegg frå Bernt Bøe i Bøfjorden, som vi gjengir i opprinneleg form her: Betenkeleg skulehastverk

Først publisert: 20. november 2012, 10:02 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:53