Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd
Tett tak til vinters på kyrkja
Arnt Erik Otnes og Frank sPoon Botten rigga seg til for takreparasjon ved Todalen kyrkje. Nokre lause steinar har forsvunne i løpet av året, og no er det på tide å få reparert dette. Arnt Erik og Frank er vaktmestrar, og dermed ansvarleg for tak og anna vedlikehald ved kyrkja.
Val 2023 – bruk stemmeretten din!
Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne. For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset. Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.
Hausttakkefest – samla eit femtital til gudsteneste
Start 4H hadde pynta og lagt til rette for hausttakkefest i Todalskyrkja sist søndag, og tema for gudstenesta var henta frå Johannesevangeliet og omhandla at Jesus metta 5000 på 5 byggbrød og to fiskar. Ragna og Lisa sørga for å presentere Start 4H som er har drive i 56 år i Todalen, og fortalte om kva klubben står for og kva som er formåle – og sjølvsagt fekk vi høre 4H-løftet.
Val av sokneråd for Todalen sokn og val av nytt bispedømmeråd
Måndag 11. september er den store valgdagen med kommunevalg, fylkestingsvalg og valg av nytt sokneråd. I Todalen er valglokala i Todalen sanitetshus, og opningstida er frå kl. 12:00 til 20:00.
Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste søndag 10. september klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Bruk røysteretten din – no kan du forhandstemme
Dersom du er forhindra i å stemme på valdagen 11. september kan du ennå gjera borgarplikta di ved å førhandstemme på kulturhuset. Der er det høve til å stemme både i kommunevalet og fylkestingvalet. Det skjer i foajen på kulturhuset, til og med fredag 8 september. Fram til torsdag 7. september er opningstida 9.00 – 17:00, medan den fredag er 9:00 til 15:30.
Biskopen i Todalen – gudstenesta flytta innomhus
Dagens gudsteneste var tillyst i Svinsviks arboret, men på føremiddagen i dag var det godt med regn, og soknerådet beslutta at gudstenesta skulle flyttast til kyrkja. Og bra var nok det, for det regna bra da gudstenesta starta. Litt synd var det sjølvsagt, for førebuingane for utegudsteneste var gjort, men vêret er det da ingen som rår med. Det var Mørebiskopen Ingeborg Midttømme som var dagens liturg, og resten av mannskapet var også basert på «reservestyrker».
OBS! OBS! Gudstenesta i Svinviks arboret er flytta til Todalen kyrkje
På grunn av nedbør, har Todalen Sokneråd flytta den planlagde gudstenesta i Svinviks arboret i dag til Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg denne søndagen er, som tidlegare annonsert, biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, medan Bernt Bøe er organist.
Starta arbeidet med minnelund
Onsdag vart det så smått starta arbeidet med minnelund på kyrkjegarden. Det var soknerådet saman med vaktmester Frank Botten som tok opp hellene på gangvegen over plassen framfor reiskapshuset for å klargjere til gravemaskina dukker opp.
Triveleg gudsteneste og fullt langbord til kyrkjekaffen
Søndagens folketonemesse i Todalen kyrkje trekte 80-90 til den litt spesielle gudstenesta. Sjølvsagt er det Bernt Bøe som er arkitekten og som har vore musikalsk leiar for prosjektet. I utgangspunktet var det ei vanleg gudsteneste, men med innfletta song og musikk så vart det eit heilt anna produkt, sjølv om bodskapet vart det same.
Søndag: Kortreist i Todalen kyrkje – Folketonegudsteneste
Lokal musikk pregar gudstenesta når Torbjørn Brøske søndag takkar av som vikarprest. «Folketonemesse frå Todalen» ber hovudledda i liturgien. Denne «Missa Todalensis» byggjer på folkesalmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Til vakre og spenstige todalstonar har så Bernt Bøe laga kormelodiar over dei fem vanlege messeledda. Messa vart komponert til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.
Kjapp ryddedugnad på morgonkvisten
Onsdag morgon var det ein kjapp «aksjon skogrydding» på kyrkjegarden. I regi av soknerådet vart to bjørktre tekne ned og fjerna ved hjelp av gravemaskin, motorsag og traktor.