Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Kveldsmesser og soknemøte
Stangvik og Todalen arrangerer viktige kyrkjekveldar denne veka. Tysdag 16. oktober er det kveldsmesse og soknemøte i Stangvik kyrkje – onsdag 17. like eins i Todalen. Sokneråda i begge desse kyrkjelydane har no vedteke si «Lokale grunnordning for hovudgudstenesta». Denne blir presentert som tilnærma ekte gudsteneste i kvar si kyrkje desse kveldane. Rett etter messa er det enkel servering og soknemøte der den nye gudstenesta blir drøfta og vurdert. Fråsegn frå desse soknemøta kan om ønskeleg sendast biskopen – som endeleg skal godkjenne ordninga.
Les heile saka
Treffkveld for konfirmantane – utsatt inntil vidare!
Treffkvelden som Todalen sokneråd skulle arrangere for konfirmantane er utsett inntil vidare. Konfirmantane i 2013 har no starta førebuinga til konfirmasjonen, og denne treffkvelden skulle være eit ledd i dette arbeidet, og for å bli kjent med eiga kyrkje. Info kjem seinare om ny dato og tidspunkt.

Lovnadsordet – ei meiningsytring frå organisten
Kyrkja har lenge jobba med den nye gudstenestereformen. Dei tre sokna i Stangvik prestegjeld er ikkje noko unntak, og Bernt G. Bøe har som organist delteke i dette arbeidet både i Stangvik, Åsskard og Todalen sokneråd. No ligg det an til at biskopen ikkje godkjenner det resultatet dei er komne fram til. I det høve kjem Bernt G. Bøe med ei meiningytring til «dei kyrkjelege mynde» som han gjerne vil ha svar på. Nedafor finn du heile innlegget til Bernt G. Bøe:
Les heile saka
1962-konfirmantane jubilerte
50 år er gått sidan dei åtte todalingane stod som konfirmantar ved Todalen kyrkje. Laurdag kveld hadde soknerådet invitert 62-konfirmantane til jubileumsfest i Ungdomshuset og til hausttakkefest i Todalen kyrkje på søndag. Alle dei 8 jubilantane kom på festa, der også bygdafolket og neste års konfirmantar var invitert. Eit førtitals gjestar vart servert middag og kaffe, og det var fleire underhaldningsinnslag på festa i Todalen Ungdomshus.
Les heile saka
Inviterer til konfirmantjubileum
Laurdag kveld inviterer soknerådet til konfirmantfest i Todalen ungdomshus. Dei skal feire 50-års konfirmantane, altså dei som vart konfirmert i 1962. Det var i 1962 8 konfirmantar i Todalen kyrkje, og alle har takka ja til invitasjon til jubileumsfesta, fortel Terje Nordvik i soknerådet. Årets komfirmantar vil også ta del i jubileumsfesta, og i tillegg inviterer dei alle todalingar til Ungdomshuset denne kveld.
Les heile saka
Fiskum Quartet & Sigrid i kyrkja
Laurdag ettermiddag hadde Fiskum Quartet konsert i Todalen kyrkja. Det var ei flott førestilling, der vi fikk servert både Haydn, Pergulesi, Handel og Shostakovich av strukekvartetten til Bjarne Fiskum. Han er rekna for å være Trondheimssolistanes far, og med seg i Todalen kyrkje hadde han surnadalingen Anders Larsen (fiolin), Kristoffer Bjerke Gjærde (bratsj), Anne Lise Fagerli (cello) og sopransolisten Sigrid Elisabeth Vetlesæter Bøe.
Les heile saka
Konsert med TrondheimSolistenes far…
Det blir «Kvartett og song» i Todalen kyrkje laurdag 25 august kl 17. Da gjestar TrondheimSolistenes far, fiolinisten Bjarne Fiskum, Todalen kyrkje med sin strykekvartett. Med seg i kvartetten har Fiskum mellom anna Surnadals eigen Anders Larsen. Dei spelar musikk av Haydn og Shostakovich. Sopranen Sigrid Bøe frå Bøfjorden deltek også – med utdrag frå Pergolesis «Stabat mater» og Handels «Julius Cesar».
Les heile saka
Fin konfirmasjonsdag
Søndag var det konfirmasjon i Todalen, og det fine vårvêret med sol frå blå himmel var nok med og sette ein ekstra spiss på dagen for både konfirmantane og tilreisande gjestar. Det var i år 4 konfirmantar, 2 gutar og 2 jenter, og vikarprest Leif Endre Grutle gjorde seremonien til ei fin oppleving for konfirmantane.
Les heile saka
Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert
Søndag 29. april kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje med vikarprest Leif Endre Grutle. Det er i år 4 konfirmantar i Todalen; Lena Rovik Olsen, Emma Saksen Ulvund, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.

Storveies dugnad
Todalen.no vart i går kveld borimot for sein då underteikna tok ein svipptur nedom kyrkjegarden på soknerådet sin dugnad. Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storvegs fornøgd etter kveldens økt. -Her har det verkeleg gått unna i kveld seier ho. Alt rusk og rask etter Dagmar er trilla bort, her har dei raka, kosta og retta støtter. Ho var også veldig fornøgd med oppmøtet denne gongen, då over 30 personar i alle aldra hadde vore med.
Les heile saka
I kveld: Dugnad på kyrkjegarden
Tysdag kveld 24. april er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokreråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. […]

Gudstenesta vart i kyrkja
Gudstenesta 2. påskedag var tillyst som friluftsgudsteneste på Haugligardane, men vart flytta til kyrkja på grunn av føreforholda. Stort snøfall både før påske og i påskedagane gjorde at området på Haugligardane var lite egna for føremålet, og dermed var det nok bra at den vart flytta under tak. Men det vart ei fin gudsteneste i kyrkja, der Todalskoret deltok med korsong. Tema for dagen var sjølvsagt påskebudskapet og det var vikarprest Leif Erik Grutle som forretta.
Les heile saka