Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Gudsteneste – presentasjon av konfirmantane

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. september 2017

Soknerådet minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 17.9.2017 kl 11:00, der neste års konfirmantar vil bli presentert for kyrkjelyden.  Offer til Kyrkjebladet.  Det er prost Leif Endre Grutle som forrettar.


Attgløymte ting i kyrkja – er det ditt?

Jon Olav Ørsal Sundag 20. august 2017

Anders Gjeldnes sitt i soknerådet i Todalen, og er innimellom vert i kyrkja i samband med gudstenesta. Etter gudstenesta i dag tok han nokre bilder av attgløymte ting i kyrkja, og lurer no på om det er nokon som kjenner att nokre av tingane. Det er alt frå sko til refleksvestar og mykje anna.


Aktivitetar i kyrkja i 2. halvår

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. august 2017

No har soknerådet haustprogrammet for Todalen kyrkje klart. Dei har sett opp plan fram til nyttår, og det er planlagt 8 gudstenester i denne perioden. I tillegg er det planlagt konfirmasjonsfest, der 50-årskonfirmantane er bedne. Det skjer 14. oktober i Todalen ungdomshus. 


Restaureringa av kyrkja snart ferdig

Jon Olav Ørsal Fredag 23. juni 2017

Firmaet Tradisjonsbygg frå Sunndalsøra som har jobba med restaurering av murane på kyrkja er snart ferdige med arbeidet. Det er murane under koret og sakristiet som er renovert i denne omgangen. Denne delen av kyrkja er jekka opp, før dei gamle murane er fjerna og nytt fundament og nye murar er no snart på plass, fortel […]


To nyfødde todalingar

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. juni 2017

Eit tjeldpar har bygd sitt reir og lagt to egg på ei grav på kyrkjegarden for nokre veker sia. Den ligg tett attmed eine porten, og det har nok vore mykje ufred i rugeperioden. Likevel er det i dag kome to nye og velskapte tjeld-ungar. Foreldra har passa godt på i dag, og vart litt «rabiat» når vi nærma oss.


Møte om gudstenesteordninga

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juni 2017

Torsdag kveld kl. 19.30 vert det ope møte på kyrkjelydshuset på Skei om gudstenesteordninga som er i bruk i kyrkjelydane. Det er sokna Stangvik, Todalen og Åsskard som skal vurdere si ordning for hovedgudsteneste som vart vedteke og teke i bruk for nokre år sidan


Pinsegudsteneste i Stangvik.

Torbjørn Brøske Fredag 2. juni 2017

Også i år vert det felles, stor pinsegudsteneste i Stangvik. Sokna i Stangvik, Surnadal, Rindal og Halsa er saman i denne gudstenesta, og representantar frå alle sokna vert til stades og mange aktive deltakarar vert å sjå og høyra i gudstenesta. – Nytt av året er at gudstenesta i endå sterkare grad får eit økumenisk preg da representantar frå den katolske kyrkja og den koptisk ortodokse kyrkja, som har regelmessige samlingar i Surnadal, også deltek aktivt.


Konfirmasjon og dåp under dagens gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2017

Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, der Torbjørn Brøske var liturg og stod for dei kyrkjelege handlingane. Det er i år ein kyrkjeleg konfirmant i Todalen, så Kristian Hauglann Talgø fekk all oppmerksomhet åleine, men det klarte han godt. Men dagens gudsteneste hadde også ei dåpshandling på programmet, da Emil Johansen Mossing var båren til dåpen.


Godt oppmøte gav effektiv dugnad

Elinor Bolme Onsdag 26. april 2017

I kveld var det dugnad på kyrkjegarden. Langt over 30 mann stilte på rydding og fliing til vårs, og helgas konfirmasjon. Og med tanke på at snøen låg på plenene i dag tidleg gjekk likevel alt som planlagt.


I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Sundag 23. april 2017

Det er tradisjon å rydde vekk og ordne etter vinteren på kyrkjegarden før konfirmasjonshelga. Onsdag 26. april kl 18 møtes vi på kyrkjegarden og tek med oss river, spader, trillebårer og anna egna utstyr, melder soknerådet i ein e-post til Todalen.no


Temagudsteneste i Stangvik

Bernt Bøe Laurdag 22. april 2017

Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard har sentrale roller i søndagens kveldsgudsteneste i Stangvik-kyrkja. Gjennomgåande tema er Jesu liv og gjerning – framstilt med drama, rørsle, lesing, solosong og allsong. – Dette er ei gudsteneste for alle – slett ikkje berre for konfirmantar, understrekar prest Torbjørn Brøske, som har utarbeidd ni scener frå Jesu liv som utgjer midtdelen i den elles vanlege liturgien


80 på friluftsgudsteneste som vart Lives dag…

Jon Olav Ørsal Måndag 17. april 2017

Festdag for Live Svinvik som vart båren til dåpen under friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Litt nysnø som kom natta før var forsvunne som dugg for sol, og folket kosa seg i finvêret.