Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Lysmesse og utdeling av biblar
I dag var det lysmesse i Todalen kyrkje, og bruken av lys prega sjølvsagt gudsteneste. Sokneprest Kristin Strand og konfirmantane laga ein stemningsfull innmarsj med levande lys, og med slukka lys i kyrkja. Konfirmantane hadde også ei hjelpande hand med i gudstenesta, og sørga både for tenning av lys og for lesing av inngangsord.

Fin felles 50-årsmarkering
Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida. I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest […]

Varm velkomst for ny organist i Todalen kyrkje
Under gudstenesta søndag 5. august debuterte Hedda Hansen Berg som organist i Todalen kyrkje. Før gudstenesta var ho spent, men ho greidde organistjobben riktig bra! Det var både godt og lett å synge med når ho spela. Og samarbeidet mellom prest og organist fungerte godt.

Gudstjenester 2. halvår 2018
Frå Todalen sokneråd har vi fått tilsendt oversikta over alle gudstjenestene for resten av 2018. Desse ligg no også i aktivitetskalenderen, med litt info under den enkelte dato.

Slåttedugnad på kyrkjegarden
Måndag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Ei 20-tal deltakarar tok jobben med rydding, kantslått og finpuss rundt omkring på kyrkjegarden.

Dugnad på kyrkjegarden i morgon
Anders Gjeldnes fortel i ein epost til redaksjonen at Ragnar Halle har teke initiativ til ein dugnad på kyrkjegarden for å pynte rundt gravstøttene og kyrkjegardsmuren. Denne blir allereie i morgon klokka 19.

Konfirmantane fikk gode råd med på vegen
Prost Leif Endre Grutle ga gode råd med på vegen i si preken til konfirmantane i Todalen kyrkje. Å bli konfirmert gir ingen nye juridiske rettar, men du kan begynne å delta i det vaksne livet. Han understreka kor viktig det er å ta gode val gjennom livet – gode val både for seg sjølv og for andre.

Konfirmasjonsgudsteneste på søndag
Søndag er det klart for årets konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det skjer søndag 29. april kl 11, og i år er det 4 konfirmanter i Todalen. Liturg er sokneprest Kristin Strand.

Det er mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn…..
Etter ein lang og kald vinter er det fint å kunne rydde og rake vekk kvistar, lauv og gammel fynne. Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og på kyrkjegardsdugnaden vart det atskillig mange trillebårlass rund på heile kyrkjegarden. – Vi var utruleg heldig som fikk så god hjelp til ryddedugnaden vår, sa soknerådsleiar Britt Mossing som kunne registrere eit førtitals deltakarar på kyrkjegardsdugnaden.

Gudsord med gjenklang og fin påskestemning på Haugligardane
Med alter som var pynta med snøklokker og påskeliljer var reint så god stemning da Todalen sokneråd samla rundt 50 deltakarar til friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på veret og flytta arrangementet inn i kyrkja.

Haugligardane: Friluftsgudsteneste rundar av kyrkjepåska for i år
2. påskedag – måndag 2. april er inviterer soknerådet på tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane. Tradisjonelt brukar det å være godt vêr, og det ser ut til at vêrgudane står oss bi i år også, seier Anders Gjeldnes i Todalen Sokneråd. Liturg er sokneprest Kristin Strand.
Kyrkjepåska i Todalen
Tradisjon og fornying pregar dei to påskegudsteneste i Todalen i år. Skjærtorsdag kveld kl. 19.30 er det vandring i tekst og tonar gjennom høgtida. Andredagen kl. 12 blir det halde friluftsgudsteneste på Haugligardane.