Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Nina Heimlund
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlemer: Kari Kvendset og Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Nina Heimlund, Kari Kvendset, Jorunn Husby og Maren Ansnes
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening
Oppstart strikkekaffe
Førstkommande lørdag er det oppstart med strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Da er det fritt fram for alle handarbeidslystne å ta turen til huset for ein triveleg ettermiddag med sosialt samvær og noko lite å bite i melder arrangørkomiteen.
Les heile sakaLaber Løftatur
Tirsdag var den årlege Løftaturen arrangert i regi av Saniteten. Dårleg ver og dårleg oppmøte la ikkje nokon dempar for dei få som møtte opp. Dei tok ruta rundt om Myrmo og opp den fine stien til trimboka på Løfta. Derifrå gjekk turen nedatt forbi grustaket, på hovudvegen før dei enda i Myrjarvegen og Sanitetshuset. […]
Les heile sakaTur til Løfta
Førstkommande tirsdag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. I år er dei tilbake med kun tradisjonell gåtur rundt om Løfta, med utlodning og kveldsmat etterpå i Sanitetshuset. Oppstart ved Sanitetshuset, via Myrmo, opp til trimboka på Løfta og ned om grustaket og hovudvegen til slutt.
Les heile sakaOmsorgsberedskapen har fungert bra så langt i Todalen
Mange frivillige har dei siste dagane stått på for å få Todalen på rett kjøl igjen etter raset onsdag. Mange som uavhengige frivillige, og nokre organiserte som Todalen Sanitetsforening, Røde Kors og det lokale brannkorpset. Og ikkje minst Arnt Ivar Brøndbo som gjekk av si ordinære vakt som ambulansesjåfør rett før raset gjekk, og var dermed i Todalen ulykkesdagen. Han er no ein av dei som er med og bidrar til at folks liv og helse ivaretas i bygda.
Les heile sakaEndeleg vart det større terrasse
Til kvar leilighet i Sanitetshuset har det vore ein liten terrasse på framsida og mot sola. Den har berre vore så alt for liten og upraktisk, for troppa har nemleg vore på motatt ende som terassedøra. Det har lenge vore diskutert å endre på dette, og etter ein lang planprosess og basar til inntekt for prosjektet så vart plana realisert.
Les heile sakaLedig hos fotterapeuten
Fotterapaut Olaug Bergem Aspill er nok ein gong på runde i Todalen for å tilby fotterapi. Ho er i Sanitetshuset i morgon, måndag og tirsdag. Men det er kun ledige timar tirsdag den 25. melder Marit Sanden Søyset som tek imot bestillingar på telefon 98 03 63 91.
Kvinnehelse i sentrum
Torsdag kveld arrangerer dei fire sanitetsforeningane Todalen, Rindal, Øvre Surnadal og Torvik eit åpent møte på Surnadal videregående skole med kvinners helse i fokus. Arrangørane har fått hit Norges fremste forskar på kvinnehelse, Berit Schei. Hun har i ei årrekke forska på forskjellar mellom menn og kvinner ved ulike sykdommar og symptomar.
Les heile sakaStrikkekaffe med garnvisning
Laurdag arrangeres siste strikkekaffe denne våren. I den anledning kjem Torill Gjeldnes for å vise fram garn spunne av ull frå eigne sauer. Ulla er spunne på spinneri, og Torill har dermed fått tilbake mykje fint garn i 4-5ulike nyansar.
Les heile sakaRekordinnsamling av Saniteten
Todalen sanitetsforening har denne laurdagen hatt ope for kle-innsamling i Sanitetshuset. Det er no 6. året dei helg på med dette prosjektet, og det blir nye innsamlingsrekordar kvart år. Denne gongen vart det heile 142 sekkar med klær, leiker og anna som skal sendast til Estland. Det skjer i samarbeid med estlandforeninga i Rindal, som organiserer transport til Estland for utdeling til folk og institusjonar som treng hjelp.
Les heile sakaNy klesinnsamling
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 20. april frå kl 10 i Sanitetshuset. Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette […]
Nokre trossa styggveret
Ikkje så alt for mange trossa styggveret laurdag og tok turen til Sanitetshuset på strikkekaffe. Men dei som kom fekk også denne gongen sitte i triveleg selskap og utveksle erfaringar og beundringar for arbeidet sitt. Nokon gjekk også denne gongen heimatt med ny lærdom på strikkefronten.
Les heile sakaFotterapi
Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Todalen Sanitetsforening. Denne gongen er desse datoane sett opp: måndag 11. mars, tysdag 12. mars og torsdag 14. mars. Det er fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.
Les heile saka