Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Nina Heimlund
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlemer: Kari Kvendset og Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Nina Heimlund, Kari Kvendset, Jorunn Husby og Maren Ansnes
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening
Saniteten med nytt kunstlotteri
Todalen Sanitetsforening har allerede anskaffa eit nytt kunstverk til å lodde ut på desember. Det er no fjerde året på rad at Todalen Sanitetsforening har ei slik utloddning. Tidlegare år har det vore kjøpt kunst av lokale kunstnarar med tilhørigheit i Todalen. I år er også ein lokal kunstnar valgt, men denne gongen frå Rindal, nemleg Inga Dalsegg.
To rette og en vrang med julestemning
Laurdag ettermiddag arrangerte Todalen sanitetsforeing årets siste strikkekafe i Sanitetshuset. Vår utsendte passa på å stikke innom akkurat da det var kaffeservering, da vi har gode relasjoner til trakteringa som sanitetskvinnene byr på.
Årets siste
Førstkommende lørdag arrangeres årets siste strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det som vanleg enkel servering og eit sosialt førjulsavbrekk med eller utan høveleg handarbeid.
Fotterapi i veke 51
Fotterapeut Olaug Bergem Aspill tek nok ein gong turen til Todalen. Denne gongen er ho i Sanitetshuset ttorsdag 19. desember og fredag 20. desember. Som vanleg er det rå å bestille time hos Marit Sanden Søyset på telefon 98 03 63 91.
Brann, kos og hygge
Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet.
Innspurt til jul….
November har vore i julemessenes teikn her på Nordmøre. Det starta med Rindalsmessa, og sia har det gått slag i slag. Laurdag var det Todalen sin tur, og julestemninga var til å ta og føle på i ungdomshuset. Dei fleste utstillarane var nok frå Todalen, men det var også innslag utabygds frå. Utstillarane hadde litt tå kvart å by på; både mat, strikkavarer, tresløyd og anna pynt.
Førjulstreff med brannvern
Søndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14.
Les heile sakaBasarrekord!
Søndag ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Med eit litt for lite lokale, nok ein gong, var det til tider varmt og høglytt med besøksrekord frå bygdafolket. Saniteten har vore sterkt frampå siste veke, med ein finger med i spelet på Stememrettsjubileet på Gammelfabrikken torsdag, og damene var derfor overvelda over kor mykje som kom inn etter at dei tok ei opptelling etter trekninga på basaren.
Les heile sakaEin kveld verdig Thora Talgø!
Ein innhaldsrik og særledes triveleg kveld på bortimot 4 timar for dei ivrigaste frammøtte, vart resultatet av samarbeidet mellom Surnadal kommune, Talgø og Todalen Sanitetsforening når dei dro til å arrangere ein hyllningskveld for Thora Talgø og 100 år med almenn stemmerett for kvinner. Skepsisen til dei lokale i arrangørkomiteen med tanke på oppmøte vart på eit tidleg stadium av, ikkje ein realitet da det vart anslege bortimot 200 frammøtte på Gammelfabrikken.
Les heile sakaTid for basar
No er vi inne i ei tradisjonell basartid. Først ut i vårt område er Todalen sanitetsforening med basaren sin allerede førstkommande søndag i Sanitetshuset. Her bli det både dagens bord, barnebord og åresalg. Dei spanderer som vanleg kaffe med noko attåt.
Les heile sakaI kveld: Jubilerer for 100 år med stemmerett
Torsdag 24. oktober markeres 100-årsjubileet for kvinnenes stemmerett. Markeringa er eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø, og det skjer i Todalen på Talgø Utstillingssenter (Gammelfabrikken). Her blir det ei skikkeleg markering av jubileet, med eit allsidig program som startar kl 18.00, med Open kafé fortsetter kl 19.00 med eit innslag der Eivind Hasle fortel om kampen om stemmeretten som foregikk på slutten av 1800-talet, der vi også får knytt til eit rollespel med eit forsterka formannskap som aktørar.
Les heile sakaSanitetskvinnene vil bli fleire…
Todalen sanitetsforening har alt mange medlemar, men dei vil gjerne bli fleire. Laurdag nytta dei difor finversdagen og innspurten på «Sanitetsveka» til å lage stand utafor Matkroken L. Hals. Med nystekte bollar og kakao som «lokkemiddel», fekk dei full fokus på arbeidet dei driv. Mange som var på handlerunde nytta høvet til å stikke bortom […]
Les heile saka