Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heldt strikkepinnane varme….

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. oktober 2015

Laurdag ettermiddag var det ny runde med strikkekaffe i Sanitetshuset, og her held dei jammen strikkepinnane varme. På eit bord låg det ein heil haug med ferdigvarer som er klare for levering og som er produsert sia sist vi var innom. Kampanjen «Varm velkomst» rullar vidare, og det er ingen tvil om at denne gjengen har omtanke for at flyktningane skal bli tekne godt i mot og at det skal få klær som varmar.

Ferdigvarelager_3979

Ferdigvarelager – klart til å gis bort for å «varme» flyktningane» som kjem til Norge. Foto. Jon Olav Ørsal

Denne dagen var det eit knapt tjuetal som deltok på strikkekaffen og sjølvsagt var både kaffekanna og heimebaksten på plass, og praten gikk lett rundt borda – samtidig som det knitra i strikkepinnar som produserte varmande vottar, huver, skjerf og lestat på høggir.

Publisert: 31. oktober 2015, 17:12