Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Ingri Pedersen
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlem: Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Ingrid Pedersen
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Kløverturar i september
Måndag 14. september gjekk Kløverturen i Gammelvegen, eit fint turområde der ein kan variere både turlengde og tal på motbakkar.

Kløvertur i Gammelvegen
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. september i Gammelvegen i Svinvikrunden. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Turen startar frå parkeringsplassen i Svinvika ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Kløvertur i Toåa tursti
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 7. september i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Godt turver og god tur!
Siste måndagen i august kom med sol og fint ver; perfekt dag for Kløvertur. Dagens tur gjekk frå Bruset innover langs Storelva til Hengebrua, og tur utover att på Halasida; dette er ei kjøle fin turrute! Her er det mange fine kvileplassar, tavler med interessante lokalhistoriske opplysingar, og graset langs elvebreidda er alltid nyslege.

Kløvertur frå Bruset til Hengebrua
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 31. august frå Bruset til Hengebrua. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Sanitetsforeininga med forsiktig oppstart etter koronapause
«På tide at vi fekk til medlemsmøte no. Det er godt å treffast og kome i gang igjen», slik ønskte Maren Ansnes vel møtt til det første medlemsmøtet i Todalen sanitetsforening sidan 3. mars.

Kløvertur til Tjønnmyran
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 24. august til Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Sesongstart i godt ver
I sol og godt ver starta Kløverturen opp att etter ein lang sommarpause. Turen gjekk etter Toåa tursti; ei triveleg turløype.

Haustsesongen for Kløverturen startar måndag
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. august i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Fotpleie i august
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 24. august og tysdag 25. august. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.

Medlemsmøte i Todalen sanitetsforening
Styret i Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 25. august kl. 18:30. Møtet vil bli arrangert i tråd med smittevernreglane for hygiene og matservering.

Kløverturgruppa frå Halsa på Todalstur
Kløverturgruppa i Halsa sanitetsforening la onsdag 1. juli Kløverturen sin til Todalen; avslutning på vårsesongen 2020.