Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Endeleg kamp!
Måndag kveld var det endeleg klart for kamp for Søya/Todalen sitt G9/10 lag på Søyabanen. Etter mange månader med berre trening og terping kunne endeleg gutane kle på seg drakta og entre banen for å spele kamp. Første kamp var mot Tingvoll. Dette var òg første gongen laget spela fotball på 7-ar bane, og det prega dei litt i starten, men det betra seg mykje etter pause. Likevel vart Tingvoll for sterke, og vann kampen til slutt med god margin. Men spelarane får ein ny sjanse allereie neste måndag.

Friidrett på Bordholmen
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen I.L. melder at det blir friidrett på Bordholmen følgjande torsdagar framover:
20. august kl. 17:30 – 18:30
27. august kl. 17:30 – 18:30
3. september kl. 17:30 – 18:30
10. september kl. 17:30 – 18:30
17. september kl. 17:30 – 18:30

Taktekkjing og ferdigstilling av gapahuken
I dag vart dugnadsgjengen samla for å legge torvtak på gapahuken på Tjønnmyra. I samband med bygging a ny lysløype her vart det sett opp ein stor gapahuk, slik at det skulle være ein plass å kome under tak. Gapahuken har mange fasilitetar og er nok medverkande årsak til at anlegget er så mykje bruka – både vinter og sommar.

11 turar i Todalen
Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? Fortvil ikkje, 11 ulike turar med ulik pulsgrad ligg ute på nettstaden morotur.no. Og […]

Ryddedugnad rundt ungdomshuset
Onsdag kveld arrangerte Drift- og anleggsgruppa i Todalen Idrettslag ryddedugnad rundt ungdomshuset, for å pynte opp til Sommarfesta på laurdag. Både busker og små tre måtte gje tapt for ein effektiv dugnadsgjeng. Graset rundt ungdomshuset vart strigla og stelt. Grusplassen ovanfor ungdomshuset vart overgått og grastustar og blomster som hadde vokse opp fjerna. Det var […]

Ryddedugnad rundt ungdomshuset
Onsdag 5.august kl. 18:00 blir det ryddedugnad rundt ungdomshuset. Drift- og anleggsgruppa oppfordrer folk til å komme på dugnad og pynte opp rundt ungdomshuset. Ta med ryddesag, grastrimmar eller anna høveleg reiskap l Sommarfest!

Todalen I.L. med stort Sommar-lotteri
For å kompensere litt for inntektstapet for årets Todalsdag arrangerer Økonomi- og markedsgruppa i Todalen I.L. Sommar-lotteri. Lotteriet startar med førehandssal laurdag 1.august på Matkroken Todalen. Lotteriet har trekning måndag 31.august kl. 17:00 og vil bli kunngjort her på todalen.no, samt at vinnarane personleg kontakta.

Sykehusklovnene takker T.I.L.
Vi er kjent med at Sykehusklovnene på St. Olav Hospital vart tilgodesett med inntekta frå startkontingenten for Ræta Opp under Todalsdagen. Nå ønsker dei å takke Todalen I.L. for det økonomiske bidraget, og har sent takkekort til økonomiansvarlig Jenny Stensby.

Dugnad på Skihytta
Det har i lang tid vore planlagt dugnad på skihytta for å skifte bordkledning på austre vegg. Hyttevaktmeister T. A. Moe har lenge planlagt dugnaden, og fredag og laurdag drog dugnadsgjengen til fjells for å skifte veggen og få gjennomført litt anna nødvendig arbeid på Skihytta. Dugnadsgjengen var på 7 personar og dei gjekk opp tidleg på ettermiddagen fredag. Som alltid ved aktivitet på Skihytta så er planlegginga tima og tilrettelagt til minste detalj. Og denne turen var ikkje noko unntak! Sjølvsagt var det innlagt overnatting til laurdag med ein rikhaldig meny. Dugnadsgjengen vart delt i 3 arbeidslag.

Sommar-fotball med internasjonalt besøk
Onsdag kveld var det igjen duka for sommar-fotball, sjølv om vèret bar meir preg av tidleg haust. 8 born møtte opp og hadde ei bra treningsøkt.

Rapport frå Økonomi- og markedsgruppa
På årsmøtet i Todalen Idrettslag den 4.juni i år såg ei ny gruppe dagens lys, nemleg Økonomi- og markedsgruppa. Gruppa har slik samansetting: Leiar: Oda Halle, kasserar i hovudstyret Jenny Stensby, medlemmer: Ingunn Mikkelsen og Bjørn Gunnar Ansnes. Jenny Stensby og Oda Halle sit i eigenskap av sine rollar òg i hovudstyret i idrettslaget.

Todalsdagen 2020
Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020. Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på […]