Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Mykje aktivitet på isen….
Stabile vêrtilhøve har gjort at det etter kvart har vorte fin is på asfaltplassen på Bordholmen. Idrettslaget har dagleg sprøyta på vatn for å få isen jamn og fin, og no er det mange som brukar isen kvar dag og utover kvelden. På Bordholmen er det også ein del utstyr som er lagt ut til utlån, slik at du får prøve isen uten å kjøpe nytt utstyr. Alt tyder på at det blir fint også i dagane framover, da vêrmeldinga spår opphald og litt kaldare vêr utover veka.

KM i friidrett på Tingvoll
Laurdag 1. februar inviterer Tingvoll IL til innandørs kretsmesterskap i friidrett i Tingvollhallen. Ski- og friidrettgruppa i Todalen håpar at nokon frå vårt idrettslag også kunne tenkt seg å delta. Leiar Ole Martin Øyen lokkar både med fri reise og deltakaravgift.

Bordholmen – fine forhold på isen….
Det er no fin forhold på isen på Bordholmen, rapporterer Knut Bergli i Todalen I.L. Heile asfaltplassen er no islagt, og her er det berre å «hive seg utpå glattisen og bli med på isleik for både store og små.

Så kom kulda, og no kjem isen på Bordholmen
Laurdag fekk vi litt føling med kulda, og i natt kom det 3-4 cm snø. Meir snø og skiføre må vi nok vente litt på enda, men kuldegrader blir det gjennom heile veka og dermed blir det ein ypperleg sjanse til å lage is på asfastbanen på Bordholmen, seier Knut Bergli i styret for Todalen idrettslag.

Fotball: Samarbeidsavtalen fortsett…
Samarbeidsavtalen mellom Søya, Todalen og Kvass/Ulvungen blir gjennomgått og signert hvert år, i forkant av påmeldingene av lag til fotballsesongen. Onsdag kveld møttes representanter fra lagene for å undertegne avtalen for 2014.

Startar på att med trim…
Trimmarane startar på igjen denne veka. Tysdagar er det barneleik og gubbetrim, medan dametrimmen fortsett sin aktivitet på torsdagar som før. Det skjer i gymsalen på Todalen oppvekstsenter i regi av Todalen idrettslag. Sjølvsagt er det gratis å delta.

«På kanten av…» for fullt hus
Todalen Idrettslag trekte fullt hus med julerevyen «På kanten av..» 3.-dagskvelden. Tidlegare på dagen var det «før-premiere» med 60-70 publikumarar i salen. Under hovudforestillinga om kvelden var ungdomshuset fylt til siste stol, og fotballgruppa som var vertskap rekna med at det var mellom 170 og 180 innafor dørene. Julerevy har lange tradisjonar i Todalen, og dette var eit kalrt bevis på at disse tradisjonane blir ført vidare.

Rekord for romjulsmarsjen!
Det var nok det fine føret og varmegrader i lufta som gjorde att det vart rekorddeltaking på Romjulsmarsjen 2013. Det er nok første gong at over 160 deltakarar har delteke på romjulsmarsj, og TILs trimgruppe kom faktisk i knipe med sine 150 medaljer som dei var sikre på var nok. På vegen rundt bygda var det både Quiz-konkurranse, lotteri, tipping og ikkje minst servering av varm gløgg med tilbehør.

3. juledag – da er det mykje som skjer!
Fredag 27. desember er det mykje som skjer i Todalen I.L.’s regi. Først ut er Romjulsmarsjen, som har start i tidsrommet mellom kl 12.00 og 15.00. Det er no bart på vegane og dermed fint å ta runden rundt bygda til fots. Trimgruppa byr på gløgg, deltakarmedalje, Quiz og lotteri. Kanskje det blir deltakarrekord? Vidare utover dagen er det to forestillingar med revyen «på kanten av…».

«På kanten av…» i innspurten – har du billett?
For todalingane blir det ikkje jul utan 3-dagsfest og julerevy. Todalen idrettslag er i rute med julerevyen og vi gler oss på romjulsfesta, seier festsjef Borghild Talgø. Mange trur nok at det blir raset som blir hovudtema for revyen i år, men der tek dei grundig feil, seier Håvard Halset som er talsmann for revygjengen. […]

«På kanten av…» på Matkroken
Kjøp revybillett reklamerer handelsmann Nordvik når vi er innom Matkroken. Frå i dag er revybillettane i salg på Matkroken L.Hals, og dei kan by på to forestillingar 3. juledag – ein førpremiere kl 15.00 og hovudforestillinga kl 20.00 om kvelden. 3.-dagsfest og julerevy har lange tradisjonar i Todalen. Det er no fotballgruppa i Todalen idrettslag […]

«På kanten av» …. – årets julerevy
Arbeidsgruppa som jobbar med julerevyen til 3.-dagsfesta er godt i rute. Laurdag startar billettsalget på Matkroken L.Hals til dei to revyforestillingane. Det blir nemlet ei forestilling på dagtid (kl 15.00) og hovedforestillinga som startar kl 20.00.