Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Todalsdagen del 1 er over
Med 34 lag på 5 baner, knøtteløp og Ræta opp seier det seg sjølv at det har vore full fart og vel så det på Bordholmen i dag. Og i å med at veret var direkte heilt fenomenalt fantastisk, kan det ikkje anna enn seiast at dagen så langt har vore perfekt for arrangørane.

Avgjorde i innspurten
Heile 121 solgte startnummer til årets Ræta opp må seiast nok ein gong å vera ein suksess. Ansvarleg Ingvild Kårvatn melder i etterkant om at heile 10450 kroner kom inn under dagens mosjonsløp, pluss at Surnadal Sparebank har sponsa deltakarbevis for alle.

Todalsdagen er i gang…
Presis kl 9.30 satte speaker Magne Hansen igang dei 5 første kampane i TodalsCupen på Bordholmen i Todalen. 34 lag deltek i fotballcupen i år, og med blå himmel og god utetemperatur ser dette ut til å bli en drømmedag på Bordholmen.

Dagen før dagen – dugnadsinnspurt i kveld
Snart er det klart for startskotet for Todalsdagen 2014. Fredag kveld var det hektisk aktivitet for å få alle førebuingane unnagjort og det var dugnad både på Bordholmen og i Ungdomshuset for å få alt klart til starten laurdag morgon. Mange var innom redskapshuset på Bordholmen med mange fine lopper, og det er enno ikkje for seint å levere. Rekk du det ikkje i kveld, så har du mulegheit i morgon tidleg. Loppemarknaden opnar kl 10.00.

Parkering Todalsdagen
Parkering foregår på SIAS vis a vis fotballbanen i Todalen og på baksiden av Talgø Møbelfabrikk. Fra baksida av Talgø Møbelfabrikk går det ein sti 50 meter til fotballbanen. Vennligst unngå å parkere på ekrene. Velkommen! Hilsen Todalen IL

Dugnad på fleire frontar
Tysdag kveld var det slåttadugnad på Bordholmen. Tradisjonelt er det finpuss av anlegget før Todalsdagen, og det «surra» i kantkløpparar frå alle kantar da dugnaden stod på sitt høgste. Inne i klubbhuset var det også arbeid med rigging av kiosken og grillutstyret slik at ein kan utnytte full kapasitet på både produksjon og salg av mat og drikke utover laurdagen, når over 400 spealar med tilhørande støtteapparat og supportere må ha påfyll av energi.

Roleg sankthansfeiring
Fort og skart vart det organisert tradisjonell sankthansfeiring på Bordholmen i går kveld. Oppmøtet vart nok desverre også deretter, men dei som kom, hadde det sosialt i lag. Terje Nordvik hadde ordna med varm grill, som alle kunne benytte seg av. Ellers var naturlegvis dei populære trøbilane tilgjeneleg for ungane.

536 km på 40 dagar
Todalsungdommane Emil Haugen Ansnes, saman med kjærast Erika Kårvatn Moen og hennar søster Ane tar i morgon fatt på sommarens høgdepunkt; ei kryssning av Norge på tvers. Mor og svigermor Jorid Haugen Ansnes leverte ungdommane no i kveld ved Femundsmarka og første overnatting blir på ein camping i nærheten der.

St. Hansfeiring på Bordholmen – grillparty
Det blir i kveld felles St. Hansfeiring på Bordholmen frå kl 18 og utover kvelden. Vêrgudane held på og kjem i godlage, og lovar betre vër utover ettermiddagen og kvelden, fortel arrangementskomiteen som er Terje Nordvik og Knut Bergli. Todalen idrettslag stiller med varm grill og publikum tek sjølv med seg grillmat, og trøbiler og […]

Dugnad før Todalsdagen
Tirsdag melder styret i Todalen IL om at det arrangeres dugnad på Bordholmen. Da skal garderobar vaskast, redskapsbod ryddast og graset på heile området klippast. Møt opp klokka 18 med høveleg reiskap!

Skihytta: Terrasse på dugnad
I helga har det vore snekkardugnad på Skihytta. Ny terrasse stod på programmet, og dugnadsgjengen trossa reg- og snøvêr for å få gjort unna snekkararbeidet. Det er Todalen I.L. som eig skihytta og arbeidet har vore planlagt til denne helga. Det var også planlagt beising og målingsarbeid, men det må nok vente til det blir betre vêrtilhøve. Vi har fått e-post og bilder frå Terje Nordvik som er ledar i hyttestyret, og han skriv:

Fekk sving på rockefoten
Rockebandet Plumbo klårna ikkje himmelen under fredagens fest på Skei under årets Laksefestival. Litt surt og klaldt vêr må det nok seiast at det var, men kunne absolutt ha vore værre. Laksefestivalgeneral Ragna Marie Mauset kunne konstantere rundt 700 innbetalte denne kvelden, da inkludert ein del festivalpass, som betyr at mange har tenkt seg ut på kveldens fest med Johnny Logan og Staut.