Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spreke damer tok idrettsmerket

Elinor Bolme Laurdag 18. oktober 2014

Eit knippe spreke damer i alle aldrar møttes på Bordholmen til idrettsmerketaking på formiddagen i dag. Dette er ein lang tradisjon i Todalen, men interessa har dabba sakte men sikkert ut. Nokre ungdomar stilte også sporty opp for å ta merket, da i klassen barn og ungdom.

Øvelsane det vart kjempa i var 60 meter, liten ball, lengde med eller uten tilløp og kule, for den som ville ha eit alternativ til liten ball.

Sidan dette er er eit utdøyande tiltak i fleire kretsar kom det denne gongen deltakelse frå IL Søya for å ta merket. Der har dei på grunn av minimal interesse avslutta desse merketakingane. Ansvarleg for merketaking og utmerkelsar i Todalen IL er Åshild Halle, og ho lover gjeve utmerkelsar til utdeling når skianlegget på Tjønnmyra no snart er ferdigstilt. Dei fleste dette gjeld er i hovedsak skimerket.

Under er nokre bilder frå ein litt kald fornøyelse på Bordholmen. Alle foto ElinorB

Publisert: 18. oktober 2014, 15:06