Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Norway Cup dag 3, berre eitt lag til A-sluttspelet
Også i dag har de lokale laga vore i aksjon på Ekeberg, med varierande resultat. G14 STUK møtte Snarøya, som dei tapte heile 7-0 mot. Det betyr B-sluttspel i morgon, mot Kolbotn.

Norway Cup dag 2
Tre av dei fire lokale laga «våre» har også i dag vore i aksjon under Norway Cup. J14 tapa dessverre 0-3 mot eit litt sterkare Skjoldar lag frå Rogaland. J16 (hovedbildet) vann derimot 3-0 over Hødd. Her var det Rakel Kvande som scora 2 mål, og Oda Ansnes som scora det siste.

Norway Cup, dag 1
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen stiller med 4 lag i årets Norway Cup, med tilsammen 65 spillere fra J14, G14, J16 og G16. Den første spilledagen, søndag 27.7, startet med at G16 tapte 0-3 mot KFUM-KAM Oslo 2, før vi fortsatte med tap 1-2 for G14 mot Vind 1 og 0-2 mot Nordre Fjell/Nest Sotra. J16 klarte å snu […]

Trollheimsmarsjen 31. august
Laurdag 31. august arrangerer Todalen IL og Ulvungen IL Trollheimsmarsjen. Den går frå Bordholmen, om Ørsalsetrene, over Varan og ned Børsetlia til Leikvoll. Sjå turbeskrivelse på http://www.ulvungen.no/p/trollheimsmarsjen-2012.html?m=1 Meir info kjem etterkvart.

Klare for sommerens eventyr
Søndag er det nok ein gong klart for verdas største fotballturnering på Ekebergsletta. Norway Cup sparkast da i gang og over 4200 kampar skal gjennomførast på dei mange arenaene rundt om i området på Ekeberg. Også i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med mannskap i ulike klassar. Rundt 65 spelarar fordelt på 4 lag. Og dei reiser som alltid med både trenarar, oppmenn og foreldre nedover. Innlosjering av spelarar er tradisjonelt på lokale skular i omådet, og dei er venta nedoverkomne i løpet av laurdagen, då dei fleste laga spelar første kamp allerede på søndag.

Tok seier mot Bøfjord – og ferie etterpå
Siste kamp før ferien endte med seier for fotballguttene på a-laget til Søya/Todalen. Første målet av Kenneth Sæterbø på et kanonskudd fra 25 meter rett i vinkelen. Bøfjorden kom inn i kampen igjen etter scoring på en litt billig straffe, skriv Knut Bergli i en epost til Todalen.no

Lever funksjonærdraktene på Matkroken L.Hals
Det er nok mange som har teke med funksjonærdraktene som var bruka under Todalsdagen heim for å vaske dem. Todalen I.L. takkar for det, og melder at dei no kan leverast inn på butikken på Matkroken L. Hals, slik at dei er klare til bruk seinare. Draktene er ikkje til sals, melder laget.

Todalsdagen 2014 – lagfoto av alle deltakarlag
Vi på Todalen.no held på tradisjonen med å ta bilde av alle deltakarlaga under Todalscupen. Vi tykkjer alle dei flinke deltakarane fortener det – som står på frå tidleg morgon til langt på ettermiddag. Dei spelar fleire kampar gjennom dagen, og har i tillegg overskot til å delta på RætaOPP junior og drive med landhockey og trøbilkjøring i pausane. Det må være godt å koma heim og kanskje leggje seg tidleg etter ein slik dag?

Todalsdagen – eit stor løft
Todalsdagen er eit stor løft for bygda som berre har 320 innbyggjarar. Alle må være med og ta eit tak for at ting skal kunne realiserast. Todalsdagen engasjerte eit hundretal av sambygdingane og andre for å få det til å gå i rundt.

Todalsdagen del 1 er over
Med 34 lag på 5 baner, knøtteløp og Ræta opp seier det seg sjølv at det har vore full fart og vel så det på Bordholmen i dag. Og i å med at veret var direkte heilt fenomenalt fantastisk, kan det ikkje anna enn seiast at dagen så langt har vore perfekt for arrangørane.

Avgjorde i innspurten
Heile 121 solgte startnummer til årets Ræta opp må seiast nok ein gong å vera ein suksess. Ansvarleg Ingvild Kårvatn melder i etterkant om at heile 10450 kroner kom inn under dagens mosjonsløp, pluss at Surnadal Sparebank har sponsa deltakarbevis for alle.

Todalsdagen er i gang…
Presis kl 9.30 satte speaker Magne Hansen igang dei 5 første kampane i TodalsCupen på Bordholmen i Todalen. 34 lag deltek i fotballcupen i år, og med blå himmel og god utetemperatur ser dette ut til å bli en drømmedag på Bordholmen.