Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Gubbetrimmen: Håper at fleire blir med oss!
Det var fart over aktivitetane i gymsalen i kveld – det var ikkje meir enn 4 som møtte på første trimkvelden, men dei hadde det artig. Med så få deltakarar vart det balleik den første kvelden, og her var det ingen som fekk noko gratis! Men berre to på kvart lag vart dei litt for få, men dei håpar at fleire blir med på trimkveldane i gymsalen etter kvart.

Vinn ein iPad air
Trim-, ski- og friidrettsgruppa i Todalen Idrettsalg arrangerer basar i Todalen ungdomshus søndag 1. november kl 15.00. I tillegg til trasdisjonelt nummersalg er det utdeling av krus for trimaktivitetane og premiering for både «Barn i løypa» og lagseriestemna ( ca kl 16.00) Trekning ca kl 17.00.

Full rulle i gymsalen igjen
No er det definitivt klart for oppstart av barneleik og gubbetrim igjen melder Knut Bergli. Han fortel at dei yngste har fått tid i gymsalen på skulen måndagar framover. Dette er for dei opp tl 4. klasse. Dei som er hakket eldre har fått tid på søndags kveldane. Altså dei frå 5. klasse og oppover. Her blir det ulike aktivitetar etter kva ungane sjølv ønsker.

Stikk Ut! – suksess!
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder alt no at StikkUt-seosongen 2015 er ein suksess. Frå 1. mai til 1.oktober er det på nett registrert 9690 StikkUt-brukarar og heile 160 000 turar! Eit fantastisk resultat, og fin framgang frå i fjor. I tillegg er det mange som ikkje registrerer seg på nett, men nøyer seg med å […]

Dametrimmen treng leiar
Etter mange år som instruktør for dametrimmen i Todalen ser Turid Hals Sæter seg ikkje rå for å fortsette. Dette betyr at om tilbudet fortsatt skal vedvare, så må ny instruktør/leiar på plass.

Fotballdugnad
Søndag var det knøtteturnering på Syltøran. Dette er eit årvis arrangement, der alle idrettslaga i kommunen går saman og lagar ei uformell knøtteturnering på tvers av klubb, lag og vennskap. Surnadal IL sin koordiator Anett Ranes er den som held i trådane, medan representantar frå dei andre lokale fotballklubbane bidreg med litt planlegging og heller meir praktisk gjennomføring.

STKU- CFK 11 – 1
Samarbeidslaget STKU fortsetter seiersmarsjen. Det var folksomt på bordholmen i kveld da Clausenenga var på besøk for å spille mot fremadstormende 14-åringer på samarbeidslaget STKU (Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen). STKU ledet 6-0 etter første omgang, så reduserte CFK en gang tidlig i andre.

BURG M&R takkar Ræta opp
Vi har også i år fått tilsendt takkehelsing fra ein av organisasjonene som fekk tildelt deler av startkontigenten frå mosjonsløpet Ræta opp på Todalsdagen. Åshild Haugland Haram, sekretær i BURG Møre og Romsdal skriv:
Kom og ta idrettsmerke i kveld
Åshild Halle i Friidrettsgruppa i Todalen IL melder om at det i kveld blir anledning til å ta idrettsmerke på Bordholmen. Møt opp klokka 18.30. Alle er velkomne, både gamal og ung til ulike friidrettsøvelsar som lengde, liten ball, 60 meter og 3000 for den som ikkje har teke skimerke i vinter.
Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen mot CFK torsdag
Torsdag klokka 18.30 er det kamp på Bordholmen igjen. Da er det CFK 1 som kjem og skal spele mot STUK i klassen G14. CFK ligg 6 poeng under vårt lokale lag på tabellen, med ein kamp mindre spela så langt, så denne kampen kan kanskje bikke begge vegar.

Alle kom velberga over fjellet
Dagens Trollheimsmarsj fikk ikkje den heilt stor oppslutninga – den usikre vêrsituasjonen får nok ta mesteparten av skulda for det, men konserten på Todalshytta med nærare hundre tilhørarar er nok ei god forklaring på kvifor det var nærast «møssfall» frå todalingane.

Trollheimsmarsjen – dei første har starta på turen over fjellet
Trollheimsmarsjen er i gang – dei første er forlengst på tur frå Bordholmen og er klare til å ta fatt på Ørsallia på tur til Ålvundeid. I morgontimane regna det godt, og det var litt tvil om det var forsvarleg å sleppe folk over fjellet, men i 9-tida var det verste regnet over, og etterkvart letta skodda. Yr.no melder lettare vêr etter kvart, og det blir nok etter kvart bra turvêr, trur arrangøren. Starten for Trollheimsmarsjen går fram til kl 11 i føremiddag.