Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen
Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe
Skriftstyre for årsskriftet:
Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,
John Moe, Ragnar Halle.
Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Bli med på busstur til Smøla i sommar?
Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga. Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:

Marit T. Husby var første kvinnelege lærar i Surnadal kommune
Marit T. Husby (12.2.1853 – 7.8.1955) frå Husbytrøin i Todalen var den første kvinnelege læraren i noverande Surnadal kommune. Ho var vart tilsett som lærar i storkretsen Bele i daverande Åsskard kommune, som frå 1.1.1965 vart ein del av Surnadal kommune. Ho var lærar i Belagrenda, Bæverfjorden, Bæverdalen og av og til i Bøfjorden. Ho var lærar her i 26 år, i perioden 1877 – 1903.

Årsmøte i Todalen historielag
Historielaget heldt årsmøte i Ungdomshuset tysdag 19. mars med godt oppmøte.

Minner om årsmøtet i morgon tysdag
Todalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.

Vellykka ettermiddagskaffe – mykje folk, god servering og god stemning
Todalen historielag inviterte til ettermiddagskaffe søndag 19. februar – avslutningsdagen for VM i skiskyting i Nove Mesto. Leiar i Todalen historielag ønskte vel møtt, og han var overraska over det gode oppmøtet; – det var fullt rundt alle bord!

Inviterer til ettermiddagskaffe med «bildequiz» søndag
Søndag 18. februar klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe med bildequiz i Todalen ungdomshus. Det blir sal av kaffe og bakels med graut, og det blir «bildequiz», der spørsmåla er henta frå Todalen historielag sitt store og rikhaldige arkiv med bilete.

Kallar inn til årsmøte
Todalen historielag kallar inn til årsmøte 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På programmet står vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtet blir det servert kveldsmat.

Julgeita på kvennalur
Første onsdagen i desember inviterte Indre Nordmøre senioruniversitet til julemøte der temaet var mimring om jul slik godt vaksne opplevde ho som barn. Eit aktuelt tema – kinosalen i kulturhuset var nesten fullsett da Einar Oterholm gav ordet til Tor Erik Jenstad.

Historiske gåvetips i alle prisklassar
Du finn eit allsidig utval med historik materiale i hyllene på Matkroken Todalen. I samarbeid med Todalen historielag finn du fleire av deira bøker og temaheter som er kome på trykk gjennom åra. I tillegg er heile serien (bind 1 til 5) med bygdebøker for Surnadal på plass i hyllene.

Premiere for nytt årsskrift for 2023
Søndag var det bokslepp og premiere for det nye årsskriftet til Todalen Historielag. Det skjedde i Todalen ungdomshus, og arrangementet trekte praktisk talt full hus med historieinteresserte todalingar – mellom 60 og 70 av historielagets knappe 200 medlemar deltok på boksleppet.

Søndag – Historielaget klare for bokslepp
Søndag ettermiddag – nærare bestemt søndag 12. november kl 15 – er det klart for eit nytt bokslepp i regi av Todalen historielag. Da inviterer Todalen historielag medlemar og andre interesserte til Todalen ungdomshus for å presentere årets årsskrift for sine lesarar. Årsskriftet er nummer 22 i rekkja, og leiar i Todalen historielag John Moe seier at årsskriftet for 2023 er kanskje det beste dei har laga nokon gong.

Trollheimsutstillinga: På flyttefot til Brusetmarka
Heilt sia 2012 har Trollheimsutstillinga vore på flyttefot – i samband med renoveringa av Stangvik skule vart utstillinga demontert og flytta til dei gamle tannlegekontora ved ungdomsskulen på Øye. Etter renoveringa på Stangvik skule vart det aldri plass til å montere utstillinga igjen, og når ombygginga av Surnadal Barne- og ungdomsskule starta for 2-3 år sia, så vart utstillinga flytta nok ein gon – denne gongen til den nedlagte skulen i Bøfjorden.