Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag 2023

Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen

Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe

Skriftstyre for årsskriftet:

Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,

John Moe, Ragnar Halle.

 

 

Først publisert: 19. november 2009, 16:12 - Sist oppdatert: 26. mars 2025, 10:59

Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Held tradisjon i hevd – lærte kunsten å lage soplimar

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. oktober 2024

Å lage soplimar var såkalla «eldsjøsarbeid» i gamle dagar – det vil seie at det var noko ein kunne gjera utan at ein hadde god belysning.  Onsdag kveld var det kurs i soplimproduksjon i fjøset på museet på Åsen.  Med Gudmund Kvendset som instruktør fekk kursdeltakarane god innføring korleis ein skulle utføre det gamle handverket.


Inviterer til sopelimekurs

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. oktober 2024

Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.


Inviterer til «historisk filmkveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. september 2024

Torsdag 5. september klokka 18:30 inviterer Todalen historielag til «historisk filmkveld» i Todalen ungdomshus. Her vil det bli vist filmar Svein Åge Saksen har laga frå Todalen barnehage, og litt frå Todalen skule i tidsrommet 1991 – 95. Så her kan det vere nokon som kan få sjå seg sjølv i ei litt yngre utgåve?


Interessant dag «Oppå Eia»

Dordi Jorunn Halle Laurdag 24. august 2024

Stangvik historielag inviterte til tur etter Kavlvegen laurdag 24. august. Heile 35 personar var med på vandringa frå Åsen etter Kavlvegen og opp til kvilebua ved Lomtjønna. Oddvar Kvande og Erling Myrbostad var dyktige og engasjerte historieforteljarar.


Får ny heim på Ungdomstubakkan

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2024

Larris og Vangsgutane ser no slutten på eit omflakkande liv rundt i bygda.  No er Gunnar Nordvik og John Moe i gang med å bygge hus til tavla med Larris og Vangsgutane på om breidd med flaggstonga på Ungdomstubakkan. Halsesamlinga vart flytta til gammelgarderoben i Todalen Ungdomshus i fjor, og no flyttar altså Larris og Vangsgutane etter  og blir permanent montert i eit eige hus.  Dei har levd eit omflakkande liv sia dei var laga på tampen av 1990-talet.


Avisutklipp frå 1975

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juli 2024

I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.


Busstur til øyriket Smøla

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. juli 2024

Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!


Historisk vandring og nyopning av stigar

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. juli 2024

To laurdagar i juni har Turstigruppa i Gamle Stangvik hatt tur og nyopning av stigen som gjekk opp forbi dei gamle gardane i Nessadalen, Haugen og Surndalsneset. Opprinneleg var det fire setrer her, for gardane Flessavik, Flessa, Trodal og Båtvik. I dag er berre murane att av Båtviksetra.


Avlyser planlagt 100-årsmarkering

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. juni 2024

I går informerte Todalen historielag og Todalen Idrettslag om at dei hadde planer om å markere at det 30. september er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd. I ettertid viser det seg at Skulstuå i Todalen også har planlagt ei slik markering, og at dei har kome lenger i planleggingsarbeidet. 


Markerer at det er 100 år sidan Alf Ramsøy vart fødd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. juni 2024

Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd. 


Minner om tur til Smøla med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2024

Todalen historielag minner om at turen til Smøla nærmar seg, og det no er tid for påmelding.  Det er enno nokre ledige plassar, og dette er ein ypparleg sjanse for guida sommartur til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor…