Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen bøgdalag

Styret for 2024, valt på årsmøtet 25. april 2024:

Leiar: Svein Håvard Brøndbo valt for 1 år

Nestleiar: Bjørn Gunnar Ansnes, valt for 1 år

Kasserar: Kjetil Sogge, ikkje på val

Sekretær: Anne-Berit Kvendset, ikkje på val

Styremedlem: Ingrid Pedersen

1.vara: Jo Gjeldnes, valt for 2 år

2.vara: Ola Haugen Ansnes, ikkje på val

Revisor: Finn Ranes, valt for 1 år

Valnemnd 2025: Jan Bruset og Ola Dalsegg, båe valt for 1 år

Først publisert: 22. juni 2019, 07:23 - Sist oppdatert: 29. april 2024, 22:26

Nyheter knytta til Todalen bøgdalag

Julebordet i Ungdomshuset – snart siste frist for påmelding!!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Todalen idrettslag og Todalen Grendalag inviterer alle sine sambygdinger til julebord i Todalen ungdomshus. Det skjer den 23. november kl 20.00, dermed er det klart at dei gjentek suksessen frå i fjor med lokal julebordsfeiring i Ungdomshuset. Julebordet er ope for alle, og vi trur dette blir eit triveleg kalas, med mykje god julemat og god julestemning rundt borda i ungdomshuset, seier leiar i Todalen I.L. som presenter plakaten for Todalen.no.


Stor handledag på Matkroken L.Hals – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2019

I dag vart den lokale handledagen markert på Matkroken Todalen og på rundt 400 andre nærbutikkar rundt omkring i landet. Det vi først og fremst har sett i fokus er kor viktig nærbutikken er i mange bygder, og ikkje minst i Todalen der vi er i overkant av 300 innbyggarar, seier Terje Nordvik som er drivar av Matkroken Todalen. På Matkroken Todalen var det i dag gratis servering av kaffe og nystekte bakels med graut – og det sette folk skikkeleg pris på. Todalen sanitetsforening sørga for serveringa.


Laurdag: Klart for lokal handledag på Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. oktober 2019

Laurdag 19. oktober er den store handledagen for alle butikkar som er med i Merkurprogrammet for levande utkantbutikkar over heile landet. Matkroken Todalen er ein av desse butikkane, og komande laurdag blir det liv både i Kaffekroken, der det blir servering av bakels og graut til gratis kaffe – og i butikken der mange gode tilbud skal gjera det ekstra lønnsomt å handle denne laurdagen.


Inviterer til julebordsfeiring

Jon Olav Ørsal Fredag 11. oktober 2019

Det er nok litt tidleg med julebord enno, men det er på høg tid å starte planlegginga for å sette av datoen, seier Nils Ove bruset som er leiar i Todalen Idrettslag. – Vi skal bygge vidare på julebordsuksessen frå i fjor, da rundt 70 personar deltok i julebordsfeiringa i Ungdomshuset. I år er det laurdag 23. november som er den magiske datoen for mykje god julemat og mykje julestemning i Todalen ungdomshus.


Første, men ikkje siste kaffekopp på klåppa

Elinor Bolme Måndag 9. september 2019

Noko som starta som eit sosialt forslag på Todalen Grendalags facebookside resulterte i går i 20 deltakere på den første «Klåppkaffekåppen» i bygda. Da var nemleg den første samlinga på kloppa på Bakkå hos Maria Hagerupsen Halle.


Innfallsport til Trollheimen – planarbeidet i gang

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. september 2019

Tidlegare i sommar vart det arrangert infomøte med tanke på å etablere eit infopunkt i Todalen, der folk kunne finne informasjon om Trollheimen og tilrettelegging for bruk av verneområdet og resten området. Da vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobbe med å etablere ein innfallsport og kvar den skulle plasserast. Gruppa består av Hege […]


Med flagget til topps for skulestart og fire nye elevar!

Elinor Bolme Måndag 19. august 2019

I dag starta fire nye elevar på Todalen skule. Tre av dei var jentene Julia, Øyvor og Natasha som skulle byrje i første klasse. Dei har hatt god trening med førskuleklubb siste barnehageår, og vart fort husvarme i skulegarden saman med resten av elevane ved oppvekstsenteret, heile 27 i talet.


Feira 10 år for fullt hus!

Elinor Bolme Sundag 11. august 2019

Med 10 år på lufta, totalt 3,2 millionar besøk kor 517 000 av desse er unike besøkende, så kunne Todalen.no i går kveld feire seg sjølv saman med 100 gjestar i Todalen Ungdomshus. For om forhåndssalget av billettar gjekk litt seint i starten så tok det seg opp til gangs utover laurdagskvelden når folket strømma på til jubileumsfeiringa.


Sikker deg billett no!

Elinor Bolme Onsdag 24. juli 2019

Det er oppfordringa frå Stig Husby som er jubileumsansvarleg når Todalen.no skal markere sine første 10 år på lufta 10. august. Som tidlegare nevnt blir det både matservering frå Sylte gardsslakteri, motivasjonsforedrag av Kortnebbgåsa Ve og Vel og minikonsert med Tone Søyset Døvig til slutt.


Inga tek med seg familien og kjem heimatt!

Elinor Bolme Fredag 5. juli 2019

Etter fleire år på Byåsen i Trondheim har Inga Husby (23) og sambuaren Markus Andersen (24) no bestemt seg for å busetje seg i Todalen til hausten. Med seg på flyttelasset har dei i tillegg vesle Anea som så vidt har passert 4 månader. Sist helg ordna det seg med husvære,da dei fekk ja på langtidsleie av Skortin.


St. Hansfeiring med stort bål og fyr på grillen

Jon Olav Ørsal Sundag 23. juni 2019

Toåa tursti inviterte til St. Hans-feiring ved gapahuken i Gunnøya søndag kveld. Sjølv om regnbygene gikk ganske tett utover dagen så klarte ikkje vêrgudane å skremme bort folket som ville delta på feiringa. I samband med tursti-dugnad var det samla saman eit stort bål med kvistar og anna rusk og rask, og handelsmann Nordvik kom med dieselkanna si og jammen fekk han fyr på bålet til slutt.


Nyheit på badeplassen

Elinor Bolme Laurdag 22. juni 2019

I dag kom årets nyheit i Todalen rullande inn ved badeplassen i småbåthamna. Todalen Grendalag har ordna med ei enkel sanitærløysing til alle som ferdast i området, da med særleg tanke på dei som brukar badeplassen. Dette har vore eit savn over lengre tid, sidan einaste «tilbudet» tidlegare har vore å gjere frå seg i nærområdet for den med prekære behov.