Styret for 2025, valt på årsmøtet 27. mars 2025:
- Leiar: Svein Håvard Brøndbo, valt for 1 år.
- Nestleiar: Frikk Talgø, valt for 2 år.
- Sekretær: Jo Gjeldnes, valt for 1 år.
- Kasserar: Kjetil Sogge, valt for 2 år.
- Ingrid Pedersen, ikkje på val.
- 1. vara: Bjørn Gunnar Ansnes, valt for 1 år.
- 2. vara: Ola Haugen Ansnes, valt for 1 år.
- Revisor: Finn Ranes, valt for 2 år.
- Valkomite: Jan Bruset, ikkje på val og Ola Dalsegg, valt for 2 år.
Nyheter knytta til Todalen bøgdalag

Nyheit på badeplassen
I dag kom årets nyheit i Todalen rullande inn ved badeplassen i småbåthamna. Todalen Grendalag har ordna med ei enkel sanitærløysing til alle som ferdast i området, da med særleg tanke på dei som brukar badeplassen. Dette har vore eit savn over lengre tid, sidan einaste «tilbudet» tidlegare har vore å gjere frå seg i nærområdet for den med prekære behov.

Todalen Grendalag – lyst til å være med og bidra?
I fjor vart Todalen Grendalag (org.nr: 921156073) oppretta som arvtakar etter PT-utvalet. I samband med nytt år er det tid for å velja nytt styre til det nyoppretta laget. Årsmøte vil bli heldt i løpet av mars. Les vidare om målsettinga….