Medlemmer i Nordvik grendalag er alle som bor fra og med Åsbø til og med Gjeldnes.
Laget skal arbeide med saker av felles interesse for bygda.
Alle medlemmer som er fylte 16 år har stemmerett og kan velges.
Styret i 2024:
Leder: Ola J. Nordvik
Nestleder: Kristoffer Brøske Nordvik
Kasserer: Fay Johansen Mossing
Sekretær: Hanne Vaag
Styremedlem: Nina Vikan
1. varamedlem: Lina Skjerve Vatten
2. varamedlem: Asbjørn Holten
Nyheter knytta til Nordvik Grendalag

Program for 17. maifeiringa på Nordvik
Nordvik Grandalag inviterer til 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus klokka 14:30 på Nasjonaldagen. Her blir det først servert sodd og pølser, før ein får tale for dagen. Klokka 16:00 blir det leikar på Øygarden og loddsal.

Seterrennet på Nordviksetra 2024
Som alltid vart seterrennet på Nordviksetra avvikla på skjærtorsdag. I år var det både ver og føre som passa for alle. Akkurat nok sol ,og eit føre som passa like god for ski som for dei som kom til fots.

Påskebasar i Nordvik Forsamlingshus
Basar tysdag i den stille veka er fast tradisjon på Nordvik. Ein fin tradisjon som gjer at fastbuande nordvikgardingar, utflytta nordvikgardingar og hyttefolk kan møtast til hyggeleg prat, mimre eller få nye bekjentskap.

Påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz på Nordvik
Nordvik Grendalag har eit rikhaldig program for påska, med påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz. Det heile startar med påskebaser i Nordvik forsamlingshus tysdag 26. mars klokka 18:00. Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps 98505. Kvart lodd kostar kroner 50,-.

Ola J. Nordvik attvalt som leiar i Nordvik Grendalag
I kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, val og innkomne saker på saklista. Grendalaget serverte også kaffe og noko å bite i under årsmøtet sitt.

Årsmøte i Nordvik grendalag
Nordvik grendalag melder at det blir årsmøte onsdag 28. februar 2024 kl. 19:00 i Nordvik forsamlingshus.

Koseleg juletrefest på Nordvik
Nordvik Grendalag inviterte i dag til si tradisjonelle juletrefest i Nordvik forsamlingshus, og det vart ei fin og stemningsfull juletrefest. Rune Måøy, leiar i arrangementskomiteen ønskte velkommen og leia forsamlinga gjennom programmet.

Inviterer til juletrefest
Tysdag 26. desember (2. juledag) klokka 14:00 inviterer Nordvik Grendalag til tradisjonell juletrefest i Nordvik forsamlingshus. Og kanskje kjem nissen?

Gudsteneste på Nordvik
Stangvik sokneråd melder at det blir tradisjonell adventsgudsteneste i Forsamlingshuset på Nordvik 17. desember kl. 11:00. Alle er hjarteleg velkomne!

Kjøkkenbasar på Nordvik
Alf Prøysen syng «Det er morosamt med jula for desse som er små». I Nordvik forsamlingshus kunne det søndag kveld passe å synge «Det er morosamt med BASAR for desse som er små»!

Forsamlingshuset: – Klart for opning med eit nødskrik!
Det er sagt at når ein ny butikk opnar og kundane kjem inn hovudinngangen, så fêr handtverkarane ut bakdøra. Slik blir det også i Nordvik Forsamlingshus, for sjøl om basaren vart utsett til søndag 10. desember så treng dei tida for å få ting i ordning til basaren. Men rørleggaren lova at dei skal være ferdig i tide, og da er det berre ein rundtvask som star att – så er det klart for å opne døra for basargjestane.

Førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus
Nordvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus søndag 10. desember klokka 17:00. Grendalaget lovar skikkeleg basarsøg og fin førjulsstemning.