På kveldens program fra «Sommerhytta» på TV2 blir det et innslag fra konkurransen om å lage urtekasse av MULTIstolper og terrassebord fra MøreRoyal®. Følg med på TV2 kl 19.30 så får du se resultatet….
Les heile saka
I dag blir det stillt i Svinviktunnelen – men løysing i sikte..
I dag er det 8. februar, og det er dagen når FM-sendarane for NRKs kanalar blir skrudd av. Dermed blir det stille i Svinviktunnelen, der DAB+ enno ikkje er bygd ut. Men det er betring i sikte om ikkje lenge…
Les heile saka
Stem på månadens bilete for januar
Vi har komme over til ein ny månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2017. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag til dagens bilete gjennom heile januar! Om nokon lurar på kor det blir av resultatet av avstemninga av årets bilete 2016, så vil dette bli kunngjort på årsmøtet for Todalen.no.
Les heile sakaSenioruniversitetet med songtime frå eldre tider
Indre Nordmøre senioruniversitet startar oppatt møtesesongen for 2017 no den 15.februar kl 11.
Første møtet blir ein songtime der Mads Bergs songbok er utgangspunktet. Tor Strand og Nordvald Bondhus er songleiarar.

Årsmøte i pensjonistlaget
Surnadal Pensjonistlag har årsmøte på Surnadal sjukeheim tirsdag 28. februar 2017 kl 1500. 1. Vanlege årsmøtesaker 2. Førstekvinne ut med minner Allsong og musikk. Servering og utlodning. Ønskjer nokon av medlemmene å ta opp ei særskild sak på årsmøtet må dette meldast til styret i god tid i førevegen, i samsvar med gjeldande retningsliner. […]
Les heile saka
Unngå å deppe utan dab
Frå Surnadal folkebibliotek har vi fått ein oppmuntrande epost om at verda slett ikkje går under på onsdag, når FM-sendingane på radioen går over til det vidløftige DAB+ universet.
Les heile saka
Årsmøte i Sanitetsforeninga – Sigrun Ørsal ny æresmedlem
Måndag 6. februar heldt Todalen sanitetsforening årsmøte med riktig godt oppmøte. Der vart det delt ut heider til Sigrun Margrete Ørsal som vart utnemnd til æresmedlem i Todalen sanitetsforening.
Les heile saka
Det god samarbeidet fortsett denne sesongen og…
I ei årrekke har Todalen I.L. hatt for få deltakarar til å klare å stille lag i aldersbestemte klassar i fotball. Da har løysinga vore å fri til nabolaga og få til eit samarbeid for å klare å stille lag. Laga som det har vore samarbeidd med er først og fremst I.L. Søya, men også Kvass/Ulvungen og Surnadal I.L. – og no blir det A-lagsfotball igjen …
Les heile saka
Kuldegrader i vente – vi prøver oss med is igjen…
Det er meldt kuldegrader utover komande veke – no prøver vi oss på å lage is igjen, seier Anders Gjeldnes som står med vasslangen og sprøytar vatn på asfaltplassen på Bordholmen. Det har den siste tida vore mangel både på snø og is, men no er det altså håp for at det kan bli aktivitet på skøytebanen på Bordholmen.
Les heile saka
Klare for 4. runde i sjakken
I kveld er det ny runde i «Den store sjakkturneringa» som går føre seg i Kaffekroken på butikken. Det er sjølvsagt knytt stor spenning til korleis dette går, men deter enno bare 4. runde som går i kveld. Difor kan det skje mykje enno men vi kan no røpe korleis det har gått i 3. runde
Les heile saka
Held koken gjennom vinteren
Den travle sesongen med samling av honning ebbar ut for biene når sommaren tek slutt. Da trekkjer dei seg attende til bikubane for først å forebu seg på vinteren og så på ein ny sommarsesong. Da har nok biene planlagt at dei skal leve godt på honningen dei har samla gjennom sommarsesongen, men der blir dei grundig lurt!
Les heile saka
Klart for første dugnad
Neste laurdag startar første dugnadsrunde i prosjektet Krafttak for kratt. Prosjektgruppa har hatt planleggingsmøte og inviterer dermed til dugnad frå klokka 10 laurdag 11. februar frå rasteplassen og utover mot tunellen. Her er det behov for tre ulike kvalitetar på dugnadsinnsatsen:
Les heile saka