8 menn- profesjonelle songarar frå Bulgaria og Russland; The Black Sea Don Kossack kor– inviterer til ein heilt spesiell konsert i Øye kyrkje tors.7.sept.kl.19.30. Med songar frå den russisk ortodokse liturgien og tradisjonelle russiske folketonar , byr dei på ei intens og utrykksfull musikalsk oppleving –ferdigheiter på internasjonalt nivå.
Les heile saka
I forbindelse med Folkefesten til Surnadal Sparebank lørdag førstkommende, er det satt opp gratis skyttelbuss fra Øye-området til Skei. Bussen vil gå non-stop fra ca 14.50 til 16.50 – og returnere til Øye når arrangementet er ferdig. På- og avstigning ved rundkjøringen nedenfor skolen.
Les heile saka
Torsdag gjekk Stavgangturen til Ranessetra, med start frå «Frustrerte fruers» veg. Bra deltaking også denne dagen, med 29 namn på lista.
Les heile saka
Tysdag var eit 40-tal fotballentusiaster deltakarar på KBKs næringslivsmarsj frå Innerdalen til Todalen. Turen starta frå Nerdalen på morgonkvisten, og gikk først til Innerdalen, og vidare over Bjøråskaret og over til Todalen, der Talgø inviterte til festleg samvære på Gammelfabrikken.
Les heile saka
Årets Trollheimsmarsj går i år av stabelen søndag 10. september. Nytt av året er at ruta er snudd, med start på Leikvoll og målgang på Bordholmen. Dette er som vanleg eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen IL og Ulvungen IL. Turen tek omlag 5 timar og passar for alle i alle aldrar med sine knappe 850 høgdemeter.
Les heile saka
Måndag 28. august inviterte Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga til KløverRUSLEtur oppå Tjønnmyrå. Det var godt turver, og heile 25 personar var samla rundt gapahuken til Todalen idrettslag.
Les heile saka
Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 11. og tysdag den 12. september på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.
Stangvik historielag fikk skikkeleg respons på sitt arrangement med historisk vandring på Nordvik, der mellom 50 og 60 deltakarar stilte opp søndag føremiddag. Det var oppmøte i tunet i Nistua, der vi fikk førstehands innføring i historia om Nordvik meieri, Nordvik smørlag og om Postens historie på Nordvik. Alt dette er borte no, men minnet lever vidare og minnet er det viktig å ta vare på.
Les heile saka
Birkebeinerrittet vart i dag arrangert for 25. gong med fleire lokale utøvarar på startstreken. Håvard Gjeldnes var den einaste av dei 15 deltakarane som stilte i eliteklassen. Og det resulterte i ein sterk 37. plass på tida 2:41:46, med 72 personar på startstreken i herreklassen.
Les heile saka
Med over 80 frivillige i aksjon og rundt 560 fotballglade ungar fordelt på 80 ulike fotballag var rammene for ein triveleg og godt gjennomført Søyacup sett nok ein gong. IL Søya er rutinerte arrangørar, og hadde tnaturleg vis også fullklaff med vêret på Kvanne.
Les heile saka
Harald Egil Folden er kjent for sine fjellturer og mange fine fjellbilder – spesielt fra turer i Trollheimen. Denne uken har han vært på tur i Todalsfjella, og har sendt oss en epost med mange fine bilder. Han skriv…
Les heile saka
Todalen Oppvekstsenter fekk overraskande besøk av politiet på torsdag i høve Aksjon skuleveg! Dei ville informere om sykkelreglar og trafikkreglar no ved skulestart -da det er mange små på vegane. Ungane svara velvillig, hadde kunnskapen i orden og kom med mange spørsmål.
Les heile saka