«Dagens bilde»-redaktør Mari melder om dårlege tider i bildearkivet. Ho har no snart bruka opp alle sine reserver for at vi skal få eit nytt «Dagens bilde» kvar dag. De må derfor hjelpe ho og sende inn bidrag framover. Bidrag sendes til red@todalen.no og merk dei gjerne med «Dagens bilde» i emnefeltet.
Les heile saka
Talgø AS ønsker alle sine bekjentskaper ei riktig god jul, på ein litt annerledes måte i år. Dei har valgt å støtte Leger uten grensers viktige arbeid for de som ikkje har det like godt som storparten av oss.
Les heile saka
Da har vi hatt trekning av masse fine premier for vår adventsquiz!
I alt var det ett 6o talls besvarelser som kom inn.
Les heile saka
Natt til mandag snudde sola – nærmere bestemt søndag 21. desember kl 23.03. Det er kanskje en overdrivelse å si at det snart er vår, men fra i dag går det ihvertfall i riktig retning. Her i Todalen vil det nok går noen uker før den på nytt kommer på sin første visitt, men det går ikke så lenge utover januar før vi ser at det blir lysere og lengre dager – og godt er det. Etter hvert vil solgangen øke 6 minutter hver dag, og i den farten øker daglengden med 1 time på 10 dager, så det vil da etter hvert monne bra.
Les heile saka
Surnadal Kulturhus har allerede store deler av vinterens program utover etterjulsvinteren klart. Og det er ikkje småtterier av allsidighet dei kan by surnadalingar og andre i dalføret tilgang på av kulturelle skattar. Først ut på nyåret er Onsdagstreff med Gunnvald Bøe 7. januar kl 13.30. Han vil snakka om språk og dialekter.
Les heile saka
Har du lyst til å prøve skiene, så er det fint føre og oppkøyrt løype frå Innerdalsmerket og oppover til Tristeinan, melder Arnt Ivar Brøndbo i Todalen I.L. Fint føre er det også i den nye lysløypa, men den er framleis utan lys så ein må nytte dagslyset eller bruke haulykt.
Les heile saka
Trur neppe det er lagt opp til konkurranse med den legendariske brua Golden Gate som går over San Franciscobukta, men slik er iallfall «hengebrua» i Brusetmarka etter at den vart pynta med lys. I bakgrunnen ser vi lysa frå Heggøyann, som vi hadde omtale om for nokre dagar sia.
Les heile saka
Da har vi fått julestemninga innover oss – iallfall vi som var på julekonsert i kyrkja med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor søndag kveld. Dirigent Bernt Bøe hadde kalla konserten for “Julehøgtid”, og det vart ei skikkeleg høgtidsstund, med mykje flott song og musikk.
Les heile saka
Kvar søndag fram mot jul har vi på Todalen.no hatt ein adventsquiz, kor du har kunne vunnet ein premie kvar søndag. I tillegg blir det ein litt større premie som blir trukke ut etter 4. søndag. Spørsmålene vil vera todalsorientert, og du vil få tre spørsmål kvar gong. Det vil kun være anledning til å […]
Les heile saka
Det har vore ei travel førjulstid for Ida og Karen Oddny på Orkideen i Elektrogården i Miljøgata. Dei er no komne til «spurtfeltet» inn til jul, men det er enno rikeleg med mulegheiter for å sikre seg ei samanplanting eller annan juleblomster, eller ta en titt på bakrommet….
Les heile saka
Frå 1. oktober tok Anna Britt og Palmer og Vikan over Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå etter Ragna og Ivar Meisingset, som hadde halde på i heile 36 år. I mellomtida har Anna Britt og Palmer lånt den gamle gravferdsbilen deira, medan dei har venta på levering av ny bil. Den var lova til jul, og for eit par dagar kunne Palmer hente den nye bilen hos Sveen Auto i Surnadal.
Les heile saka
I samband med jula er det behov for å justere opningstidene ved Matkroken L. Hals. Denne veka er det normal opningstid for butikken – fredag 09-18, laurdag 09-16 og søndag kioskope 16-18. Måndag 22. er det også vanleg opningstid 9-18, medan det tysdag 23 (lille julaftan) er langope 9-19 og julaftan 24. er opningstida 9-13. Drivstoff frå HalsOil kan fylle døgnet rundt i heile jula.
Les heile saka