Etter den ufattelige tragedien på Utøya den 22. juli 2011, har det vært mange og lange debatter om hva som skulle skje med anlegget og hvordan «nye» Utøya skulle bli. Etterhvert har dette gått over i en planfase og i disse dager reises den nye «torglansbyen», som er finasniert med midler fra 22. juli-fondet. Talgø er gjennom MøreTre med på prosjektet gjennom levering av MøreRoyal tretak. Prosjektansvarlig ved MøreTre, Bjørnar Brøske, sier til Todalen.no at det er med stor ydmykhet og respekt han mottok denne ordren – som blir til et av de mest spesielle byggeprosjekter i Norge i vår tid.
Les heile saka
Fredag kveld kl 18 møtest konfirmantar og foreldre frå alle sokn i Stangvik og Surnadal til «Inspirasjonssamling» på Surnadal vidaregåande skule. Dette er sjølve pep-talken før fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp komande tysdag.
Les heile saka
Her kjem fleire inntrykk frå Nordmarka, der 2015 IPC Nordic Skiing World Cup Surnadal er i full gang. Onsdag stillte elevane ved Todalen oppvekstsenter opp som heiagjeng på Nordmarka. Det vart litt av ein festdag, fortel Britt Mossing, som har sendt oss tekst og bilder frå turen…
Les heile saka
I kriser er vatn kritisk. Kirkens Nødhjelp er der i katastrofar med reint vatn. No treng dei deg! 24. mars kl 17 går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen i Surnadal og Rindal. Med di støtte kan Kirkens Nødhjelp handle raskt når katastrofa inntreff.
Les heile saka
Todalen sokneråd arrangerer i kveld bli-kjent-kveld for dei minste i Todalen kyrkje. Dei inviterer alle født i 2008 og 2009 til eit uformelt treff imkyrkja, der det blir litt forteljingar, bevertning og ikkje minst ei lita runde rundt i kyrkja for å bli betre kjent med ho, og dei som arbeider der.
Les heile saka
Denne veka arrangerer Surnadal idrettslag 2015 IPC Nordic Skiing World Cup – det er verdscup for funksjonshemma. I dag stod skiskyting på programmet med 60 deltakarar frå åtte nasjonar. Deltakarane stiller i tre ulike klassar: synshemma, ståande og sitjande. Alle deltakarane imponerte stort, det er utruleg flinke idrettsutøvarar med stort pågangsmot og eineståande flott innsats!
Les heile saka
Pippilotta Rullgardina Viktualia Krusmynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller Pippi sånn til dagleg, er på farta igjen og kjem til Surnadal kulturhus laurdag 21. mars kl. 14. Den sterkaste jenta i verda har flytta inn i Villa Villekulla saman med apa Herr Nilsson, hesten sin og ein sekk fylt av gullpengar. Den er det også andre som har lyst på, men det er ikkje særleg lurt å prøve å stele frå Pippi!
Les heile saka
I helga var det direkte påskestemning og mange var ute i fjellet for å nyte dei gode finversdagane vi vart til del. Vi såg mange bilder på facebook i løpet av lørdag og søndag, og har med tillatlse lov til å vise nokre frå fleire ekspedisjonar som var i retning Bjøråskaret.
Les heile saka
Arve Tellefsen, Håkon Bleken, Henning Sommerro, Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomens Guttekor og Trygve Brøske. Tungvektarar i midt-norsk kulturliv vil vere med og feire at Vårsøghelga i Surnadal i år blir arrangert for tjuande gongen. I 2015 er det òg 70 år sidan fredsvåren 1945, da Hans Hyldbakk sat på heimplassen sin Kleiva og skreiv diktet Vårsøg.
Les heile saka
I Smålandsgrenda er det stor aktivitet på byggefronten. Nerbøen (Skortinn i daglegtale) er under omfattande restaurering, og blir etterkvart mesta som ny. På nabotomta Midtbø (Stuå i daglegtale) er det nybygg på gang – og travelt var det på begge byggeplassane. Kåre Stenberg mura nye murpiper over det nye tretaket i Nerbøen, og i Midtbø vart det klargjort for støyping av ringmur og plate for å sette opp nytt elementbygg.
Les heile saka
Då var avstemninga for månadens bilete for februar ferdig, og vi kan gratulere Anders Gjeldnes som vinnar med biletet «Utsikt frå Skjerdingfjellet». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Siste helg var det mange som nytta det fine vårværet til å kome seg ut – enten til fjell, ller for å pusle med eit eller anna i hagen, – eller til å bli med på den organiserte søndagsturen 52/17, slik som vi! Tok nemleg turen til Betna på søndag, nettopp for å delta på søndagsturen til Bettennesset. Kuldegrader om natta hadde lagt ei tynn ishinne på Betnavågen, og den heldt stand utover dagen sjølv om det vart både sol og litt varme utover dagen.
Les heile saka