Vekas søndagstur er ein rundtur fra ballbingen på Enge og til Grytdalen langs rørgata – altså i Halsa kommune.
Oppmøte i ballbingen på Enge og felles vandring derfra opp rørgata- ned Grytdalen og til ballbingen igjen for å ta nistepakka. Det er mulighet for å gå heilt fram til Englivatnet, for dei som ønsker ein lengre tur.
Les heile saka
Misjonssambandet melder om at det er julemesse på Eidet bedehus i morgon laurdag 14.nov frå klokka 13.
Basarbord og sal av mange slag.
Familiemøte kl. 16.00.
Møre og Romsdal kunstsenter i Molde, eit av 15 kunstsentre i Norge, arrangerer i perioden 12.-22. november si andre prosjektveke i år der det er kunsthandverkarane Siri Skjerve og Toril Redalen som er tildelt vekas arrangement med prosjektet ”Fire in the hole” her i Todalen. Arrangementet er også ein del av markeringa av Norske Kunsthåndverkeres 40-årsjubileum.
Les heile saka
Surnadal og Rindal Revmatikkerforening minner om sitt julebord på Bolme Pensjonat den 30.11.2015 kl 1900. Påmelding innen den 21.11 2015 til Bjarne Røen på telefon 99737534
Les heile saka
Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer no enkeltpersonar, lag, foreningar og profesjonelle aktørar som både driv og interesserer seg for omsorg, beredskap, omsorgsberedskap, redning og lokalmiljø til ope møte i Todalen ungdomshus tirsdag 24. november.
Les heile saka
Innvandrarar og framtidshåp er tema når Indre Nordmøre Senioruniversitet har invitert Olav Bergheim saman med innvandrarar og flyktningar til å orientere om bakgrunn, utfordringar og framtidshåp for dei nye innbyggarane på Nordmøre. Møtet skal vere på Kulturhuset i Surnadal 18/11 kl 1100. Det skjer svært mykje på flyktninge- og innvandrarsida no om dagane, og det […]
Les heile saka
Premieren for revyen «Fær å sei det slik» samla mesta full sal i kulturhuset onsdag kveld, og dei hausta mye applaus gjennom halvannen time med tettpakka revyprogram fram til finalen. Her var det hint til både Todalingar, Bøfjoringar og Rindalingar, og sjølvsagt til kommunens snøkanonar, men det var artig og skånsam humor dei dyktige scenekunstnarane hadde å by på. Har du ikkje kjøpt billett så har du enno sjansen – det kjøres revy 3 kveldar til – både torsdag, fredag og laurdag.
Les heile saka
For oktober kan vi gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete med «Sauer i soloppgang» med over 78 av dei 259 stemmene som kom inn denne månadnen. Dei som har fulgt med Todalen.no ei stund veit at Frode er ein habil fotograf som har funne årets bilete fleire gongar, og det er tydeleg at bileta hans fortsatt er populære.
Les heile saka
Frå Christopher Talgø har vi fått melding om ein båt som i kveld vart teke hand om på Todalsforden. Han skriv at han fann den drivande midt i fjorden i dag, såvidt flytande. Han tok hand om båten og fortøyde den i småbåthamna. Så er nokon som har kjennskap til fartøyet, er det berre å hente […]
Les heile saka
Foreldreutvalget ved Todalen skule har i følge NRK Møre og Romsdal si nettside skreve eit brev til alle representantane i kommunestyret der dei reagerer på saksgangen vedrørande forslag om å leggje ned Todalen skule frå hausten 2016. Dette er grunngjeve ved at kommunen ikkje kan gjere endringar i skulestrukturen i forbindelse med budsjettbehandlingane, men at det må fremmast ei eiga nedleggjingssak.
Les heile saka
Laurdag 7. november vart ei byste av forfattaren Hans Kristiansen avduka på biblioteket i Kristiansund. Bysta er laga av bilethoggar Aimee Døhlen og vart gjeve til Kristiansund kommune av Herman Døhlen junior. Under bysta står følgjande tekst: «Hans Kristiansen. Dikter, librettist, gledesspreder og lektor ved Kristiansund off. høgre Allmennskole 1938 – 1948. Skrev bl.a. diktsamlingen […]
Les heile saka
Søndag var det halloweenfest i Gammeslskulen. Skumle beinrangel, nifse hekser, spøkjelse, tøffe karar og andre fine og skumle typar møttest til dyst. Bra arrangementet gjekk føre seg medan det var lyst! Men sjølv om det var mange skumle, nifse og tøffe typar som kunne skreme vitet av ein og kvar, så viste det seg etter […]
Les heile saka